Search the Community
Showing results for tags 'runice'.
-
Det hender rett som det er at personar i folketeljingane i Amerika er dobbelførte, men det førekjem òg at nokon har heilt felaktige opplysningar. Eg har ein sterk mistanke om at eg er komen borti ein slik huslyd og treng råd: Mons Skanke Monsson Rønnei, fødd i Luster 25.11.1821 utvandra i 1853 og gifte seg i Crawford Co., WI 29.12.1859 med Ingeborg Henriksdotter Holmestad, fødd i Luster 16.9.1839, utvandra i 1855. Mons og Ingeborg busette seg i Freeman township, Crawford Co., WI, og alle borni deira er døypte på West Prairie, inkl: * Martin f. 3.3.1863 * Henrik f. 3.1.1865 * Albert f. 22.3.1867 * Gjertrud Marie f. 10.3.1870 samt fleire yngre born Huslyden er i Freeman township, Crawford Co., WI i 1880 (Dwelling #16): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBF-T9G Dei er ikkje å sjå i Freeman township Crawford Co., WI (eller i det næraste nabolaget) i 1870 - derimot syner FT1870 denne huslyden i Freeman township (Dwelling #137): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-P5M Runice, Muns 40 farmer Nor Runice, Betsy 32 keeping house Nor Runice, Muns 8 at school WI Runice, Caroline 6 at school WI Runice, Julia 4 – WI Runice, Ole 3 – WI Runice, Christena 1 – WI Det var ikkje uvanleg at emigrantane frå garden Rønnei i Luster skreiv seg for Runice i Amerika. I Freeman township var det sogar ein annan Mons Larsson Rønnei som delvis òg nytta Runice-namnet, men han er «sjekka ut» av denne saki: Larsen, Muns 61 farmer Nor Mons Larsson Rønnei f. Luster 17.12.1809 utv. 1867 Larsen, Anna 50 keeping house Nor Susanna Ellingsdotter Talle f. Luster 25.9.1819 utv. 1867 Larsen, Christena 20 at home Nor + Christina f. Luster 3.2.1849 utv. 1867 Larsen, Ellen 16 at home Nor + Elen f. Luster 7.2.1855 utv. 1867 Larsen, Mary 14 at school Nor + Anna Marie f. Luster 29.10.1857 utv. 1867 Larsen, Sophia 6 at school Nor + Sophia f. Luster 27.2.1863 utv. 1867 Eg står med andre ord BOM FAST i spørsmålet om kven denne «andre» Mons Runice i FT1870 kan ha vore. Ingen av borni som er oppgjevne i FT1870 synest vera døypte på West Prairie, einaste «aktuelle» kyrkje på den tidi! So no er eg svært spent på kva meiningar de andre kan ha i denne saki. Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Recently Browsing 0 members
- No registered users viewing this page.