Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'sør-amerika'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 2 results

  1. Då det i 1897 vart halde skifte på husmannsplassen Kjødni under garden Leirmo i Luster etter husmannsenkja Ingeborg Christensdotter Leirmo (1814-1897), kjem det mellom anna fram at dei to yngste sønene hennar budde «langt borte»: * Ingebrigt Andersson Leirmo, fødd i Luster 16.11.1849, utvandra til Amerika i 1868 og var etter slektis meining i 1897 busett anten i Sør-Amerika eller i Australia! Ingen andre opplysningar ligg føre! * Ole Andersson Leirmo, fødd i Luster 11.10.1852, utvandra til Amerika i 1881 og skulle i 1897 bu i Alaska som gullgravar! Om han kunne etterkomarar etter søsken i Sogn på 1980-talet fortelja meg at Ole sidan flytte til British Columbia, og dei meinte han skulle vera avliden der kring 1932, kan henda i byen Trout Lake. Det skal ha komme arv til Noreg etter Ole, men Utanriksdepartementet greidde ikkje å finna spor etter noko slikt då eg forspurte om dette for 30 år sidan! Er det mogeleg i dag å finna ut noko meir om lagnadane til desse brørne? Eg finn ikkje stort på FamilySearch, men litt graving på ancestry.com gjev følgjande resultat: Ei passasjerliste frå Québec 1868 syner ankomsten til Ingebrigt Andersson Leirmo: https://www.ancestry.com/interactive/1263/C4523-00155?pid=7281874&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D1263%26h%3D7281874%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx10095%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx10095&_phstart=successSource&usePUBJs=true Ei kriminalkjelde frå NSW, Australia frå 1882 syner ein Albert Larmee, men det er vel svært tvilsamt om han har noko med «vår» Ingebrigt å gjera..: https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=5325&h=110085&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx10099&_phstart=successSource Ei «mining directory» frå British Columbia frå 1897 nemner ein Ole A. Lermo med adresse Rossland: https://www.ancestry.com/interactive/3789/40403_107004-00056?pid=2870976&treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx10090&_phstart=successSource So ser eg òg at ein Ole Larmo, ugift, 66 år gamal, «miner», innvandra til Canada i 1896, i 1921 var busett i Trout Lake, West Kootenay district, BC: https://www.ancestry.com/interactive/8991/1921_015-E002871280?pid=8133262&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db%3DCanCen1921%26indiv%3Dtry%26h%3D8133262&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true Og no ser eg at han budde der òg i 1911, men med ein alder som ancestry har tolka 20 år feil: Ole Lermo, fødd Norway Oct. 1856, innvandra 1890: https://www.ancestry.com/interactive/8947/e078_e001937087?pid=1585110&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D8947%26h%3D1585110%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx10093%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx10093&_phstart=successSource&usePUBJs=true Og Find-a-grave syner denne gravplassen, men utan gravstøtte: Olie Larmo: https://www.findagrave.com/memorial/170997031 Den største utfordringi her vert utan tvil å freista finna lagnaden til Ingebrigt Andersson (Leirmo), men om Ole kan sporast, anten ein obituary eller sogar eit skifte, kan det hjelpa oss langt på veg til å finna lagnaden til Ingebrigt og kanskje andre slektningar! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips til oppsporing av desse utvandrarane litt «utanom det vanlege»...
  2. Snorre J. Marken

    Rømte sjømenn i Latin-Amerika

    For tiden skriver jeg en avhandling om nordmenn som rømte fra sine skip til havner i Latin-Amerika mellom 1870 og 1920. Foreløpig har jeg blant annet tatt for meg arkivene fra Buenos Aires og da særlig rømningsprotokollene derfra. Mitt spørsmål er enkelt og greit om noen har en oversikt over flere kilder som kan være verdt å undersøke? Håper på positive svar! Det jeg i utgangspunktet er ute etter er: - Brev, memoarer eller lignende fra eller om noen som rømte (dette vil være midt i blinken). - Rømningsprotokoller eller dokumenter som belyser dette problemet i Latin-Amerika.
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.