Ole Olsen Skifterud - som er grandonkelen min - reiste til Amerika i 1903 og etter det eg veit har ingen høyrt i frå han. Eg skulle gjerne ha visst kva som kan ha skjedd med Ole.
Historien er slik: Ole Olsen kom til verden 24. juli 1882, på Fisholt. Han var den fyrstefødde til Aslaug Johnsdotter Fisholt og Ole Jørgensen Kolbeinsrudplassen. Far hadde 2 månedar før omkome i ei fløtningsulykke i Austbygdelva.
8 år seinare giftar mor seg på nytt med Ole Sondresen Skifterud og dei får 6 ungar. I 1891 bur Ole på Fisholt med gomo si.
21. august 1903 emigrerar han til Amerika. Da kallar han seg Ole Olsen Skifterud. Han kjem i land i Boston 2. september. På skipslista står det at han skal til uncle Kittel Johnsen (Charles Tverberg) i Forston, Minnesota. I Boston stoppar alle spor.
Det blei sagt at her heime høyrde dei aldri meir i frå han, men han er nemnt i skiftet etter mor si, som døyr 1927.
Han hadde 3 onklar i Minnesota. Sondre, John og Kittel (Charles). Dei var frå Tverberg. Eg tenkte han kunne ha teke namnet Tverberg, men finn ikkje noko. Dersom han har kalla seg Ole Olsen, so er det mange å ta av. Eg tenker det som er mest truleg er at han har blitt sjuk/forulykka og døydd ikkje lenge etter ankomst. Veit heller ikkje om han traff uncle Kittel som han skulle besøke.
Er det nokon som har tips?
Mvh Haldis Skårberg
Lenker Ole Olsen Skifterud.pdf