Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'sannidal'.
Fant 1 resultat
-
Eg har i mange år slite med å identifisera denne Thelacious Harold Thorson som i Amerika gifte seg med ei jente av sognaætt, ei fjern slektning av meg... No oppdaga eg eit family tree hjå ancestry, men dette ser mildt sagt noko «forvirrande» ut. No vonar eg at det finst einkvan med lokal kunnskap i dette området som kan hjelpa meg «rydda opp» i denne huslyden? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ Peder Olson Øvrebø, f. {i Luster} 20.3.1847, Peter O. Overboe utvandra til Amerika i 1869 og gifte seg første gongen i Sioux City, Ia. 17.5.1876 med Christina Nilsdotter frå Fuglesteg, i Amerika kjend som Christine Solfestson. Ho var f. i Luster 4.12.1853, men utvandra til Amerika med foreldri sine alt i 1858. Peter og Christine slo seg ned som farmarar i Summerhill township, Dixon Co., Nebr. der Christine d. alt 8.4.1881. Peter gifte seg so att i Chickasaw Co., Ia. 14.2.1883 med Gjertrud Marie, kjend som Jane Munson, dotter av gardbrukar Melchior Schjeldrup Monsson frå Vamberg i Jostedalen (1813-1893). Jane var f. i Jostedalen 16.3.1843, men utvandra til Amerika frå Lærdal i 1857. Peter og Jane heldt fram med farmingi i Dixon Co., Nebr. til dei i 1887 flytte til ein farm i Jacksonville township, Chickasaw Co., Ia. Jane d. i New Hampton, Ia. 29.1.1936, medan Peter Overboe d. same staden 12.2.1937. Han fekk i alt tre born, to frå første ekteskapet og eitt frå det andre; dessutan adopterte han og Jane ei lita jente: a. Nilda Gustava Overboe, f. i Dixon Co., Neb. 1.8.1879, d. i Dixon Co., Neb. ##### (tre månader gamal) b. Oscar Nels Overboe, f. i Dixon Co., Neb. ##### (hausten) 1880, d. i Dixon Co., Neb. ##### (våren 1881, fem og ein halv månad gamal) c. Oscar Carl Overboe, f. i Dixon Co., Nebr. 17.11.1885, d. i Dixon Co., Nebr. 17.6.1886. d. Mabel Carina Overboe, adoptivdotteri, var f. i Dakota Co., Nebr. 16.4.1886 og d. i Ft. Dodge, Ia. 13.3.1961. Ho gifte seg i Chickasaw Co., Ia. 29.6.1921 med enkjemannen Thelacious Harold Thorson frå Kragerø ##### (sjekka? - Sannidal?) Han var son av ##### (foreldri? - family tree på ancestry oppgjev som foreldre Ole Hansen Abrahamson (d. 1870) og Berthe Tomine Halvorsdotter - f. Drangedal 1833! - sidan attgift med Erik Thorson!) og f. ##### (fødestad?) 5.10.1865, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1871 ##### (sjekka? - 1872?) og d. i Humboldt, Ia. 6.7.1950. Thelacious var butikkmann («grocery salesman»), og han og Mabel budde i Humboldt, Humboldt Co., Ia. Dei fekk to døtrer i lag. ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive