I eit anna tema nemner Ivar Moe ei etterlysing etter Ole Bjørnson frå Luster som i 1858 «skal opholde sig paa Voss», og soleis minte han meg om denne ætti som eg jobba med på 1980-talet, men der eg ikkje greidde å finna svar på alle dei spørsmåli som eg stilte meg den gongen.
Det gjeld dotteri Torbjørg som var gift på Saue på Voss. Eg har i dag finne ein del opplysningar om ei av døtrene som utvandra til Amerika, men er heilt «blank» når det gjeld hi dotteri Ingeborg, f. 1859, og sonen Olaf, f. 1870. Eg manglar òg ein del andre detaljar. Kanskje nokon kan hjelpa meg freista finna ut litt meir om denne huslyden?
Her følgjer eit oppdatert manuskript:
~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #17 under:
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!