Bygdeboki for Lærdal (band 2, side 57) oppgjev at Unni Andersdotter Seltun skal vera fødd i 1829.
FamilySearch syner at Unni Andersdotter vart døypt i Lærdal 30.1.1829: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NCQP-789
Unni Andersdotter, 15 år, vart konfirmert i Lærdal i 1844: https://media.digitalarkivet.no/view/11599/48
MEN, kyrkjeboki for Lærdal har ingen barnedåpar 30.1.1829, og heller ingen Unni Andersdotter døypte dei næraste åri: https://media.digitalarkivet.no/view/11597/49
Greier nokon å finna denne dåpen (og den tilhøyrande fødselsdatoen)?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!