Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'serum'.
Fant 1 resultat
-
Eg hadde store vanskar med å finna alle detaljane om denne huslyden alt då eg vitja Minnesota sommaren 1979. Mykje er komme til i ettertid, men langt ifrå alt. No har eg sete ei heile stund i dag for å oppsummera det eg veit, men no står eg fast og kjem ikkje lenger! Kanskje nokon kan sjå på dette med «friske» auge og hjelpa meg vidare på veg? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Andreas Christenson {Sørheim}, f. {i Luster} 28.9.1845, Andrew C. Serum utvandra til Amerika i lag med foreldri i 1862 og vart att der borte då foreldri flytte attende til Noreg året etter. Andrew gifte seg første gongen i Goodhue Co., Minn. 24.2.1866 med Maren Sørensdotter frå Hjermstad i Stange, i Amerika kjend som Mary Sorenson. Ho var dotter av gardbrukar Søren Larsson på Hjermstad søndre og kona Kirsti Ingebrigtsdotter frå Vethammer og f. i Stange 22.3.1844. Ho utvandra til Amerika med foreldri i 1850. Men Mary d. i Red Wing, Goodhue Co., Minn. ##### (exact date of her death? - about 1872) og 9.12.1875 gifte Andrew seg att i Jackson Co., Minn. med Rikka Sørensdotter, syster til første kona og likeins frå Hjermstad i Stange, i Amerika kjend som Rikka Sorenson. Ho var òg dotter av gardbrukar Søren Larsson på Hjermstad søndre og kona Kirsti Ingebrigtsdotter frå Vethammer og f. i Stange 29.4.1846. Også Rikka var med foreldri til Amerika i 1850, men ho d. i Jackson, Minn. 17.1.1883, og 4.12.1883 gifte Andrew seg tredje gongen i Jackson Co., Minn. med Helena Pedersdotter frå Lonbakken i Ringsaker, i Amerika kjend som Helen Brekke. Ho var dotter av husmann Peder Johannesson på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Lonbakken, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Anna Svendsdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Ringsaker 13.1.1857. Andrew og første kona Mary budde i Red Wing, Goodhue Co., Minn. der Andrew var salsagent («reaper salesman»). Med andre kona Rikka farma han ei tid i West Heron Lake township, Jackson Co., Minn., men Andrew Serum vart folkevald kommunefunksjonær («Jackson Co. abstracter and Register of Deeds»), og med siste kona Helen busette han seg i Jackson, Jackson Co., Minn. Andrew var ein tur heime på vitjing i 1884, men d. i Jackson, Minn. 16.11.1910, medan Helen Serum d. same staden 5.6.1927. Andrew Serum fekk i alt elleve born, to frå første ekteskapet, fire frå det andre og fem frå det siste: ##### (verify there were no other children?) a. Christen Andreas Serum, f. i Goodhue Co., Minn. 14.12.1866, d. i Goodhue Co., Minn. 10.4.1873. b. Mathilda Susanna Serum, f. i Goodhue Co., Minn. 26.3.1870, ##### (destiny? - died prior to 1880?) c. John Charles Mark Serum, f. i Jackson Co., Minn. 21.2.1877, ##### (listed 1880 - destiny? - Charles M. Serum buried Riverside cemetery, Jackson Co., MN 1883 - him?) d. Soren Albert Serum, f. i Jackson Co., Minn. 5.8.1879, d. i Jackson Co., Minn. 27.8.1879. e. Unemnd dotter, f. i Jackson Co., Minn. 11.10.1881, d. i Jackson Co., Minn. 14.10.1881. f. Unemnd dotter, f. i Jackson Co., Minn. 13.1.1883, d. i Jackson Co., Minn. 14.10.1883. g. Phillip R. ##### (middle name?) Serum, f. i Jackson Co., Minn. 12.2.1885, d. i Jackson Co., Minn. 6.3.1885. h. Phillip Capoli Serum, f. i Jackson Co., Minn. 22.2.1886, d. i Minneapolis, Minn. 26.3.1935. Han gifte seg ##### (date and place of his marriage? - after 1910/prior to 1918!) med Lilly Elizabeth Deibler, f. i Dakota Co., Minn. 4.1.1885. Ho d. i Minneapolis, Minn. 18.2.1925. Phillip Serum var jarnbanemaskinist («railroad engineer»), og han og Lilly budde i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. Dei fekk ei dotter i lag. i. Marie Amanda Serum, f. i Jackson Co., Minn. 18.3.1888, d. i Berkeley, Cal. 15.6.1964. Ho gifte seg i Walla Walla, Wash. 8.4.1917 med Matthew Dean Swift, f. i Storey Co., Nev. 26.11.1879. Han d. i Calistoga, Cal. 25.3.1954. Matthew var salsagent innan jarnvare («iron implements travelling salesman»), og han og Marie budde først i Portland, Multnomah Co., Ore. og sidan ei kort tid i Seattle, King Co., Wash., men flytte sist på 1920-talet til Berkeley, Alameda Co., Cal. Dei fekk tre søner i lag. j. Mark Milton Serrem, f. i Jackson Co., Minn. 26.10.1892, d. i Fort Sam Houston, Tx. 1.2.1967. Han gifte seg første gongen ##### (date and place of his 1st marriage? - about 1915?) med Edna ##### (middle name? - last name of 1st husband?) f. MacDonald, f. i Washington Co., Neb. 20.4.1882. Ho d. i Georgetown, S.C. 25.5.1963, men vart skild frå Mark i ##### (year of their divorce?) ##### (she had been married before and had two children whom Mark adopted! - lived 1926 at Troy, NY and 1931 at Metuchen, NJ!) So gifte Mark seg att i Texarkana, Ark. 7.6.1947 med Margaret M. ##### (middle name?) Cameron, f. i Aberdeen, Skotland 28.10.1903. Ho utvandra til Amerika i ##### (year of emigration? - born 1902!?) ##### (date and place of her death? - New York City, NY Aug. 14, 1956! - divorced?) So gifte Mark seg tredje gongen ##### (date and place of his 3rd marriage? - prior to 1960!) med enkja Virginia ##### (middle name?) Le Stourgeon, f. Price, f. ##### (place of her birth? - where in Medina Co.?) Tx. 4.1.1909. Ho d. i Claremont, Cal. 25.12.2005. Mark Serrem var yrkessoldat («U.S. Army Colonel») og budde ##### (details on residence? - 1926 Troy, NY - 1931 Metuchen, NJ - later Texarkana, AR and finally as retired (from 1951?) at San Antonio, Bexar Co., TX) ##### (number of sons and daughters? - adopted Edna's children: * Catherine Lucille «Lucile» Serrem, born Philippines Nov. 28, 1908 - died Bridgeport, CT Feb. 23, 1995 - married Franklin S. Paterson (1903-1992) of Greenwich, CT * Edward MacDonald Serrem, born Chicago, IL Aug. 25, 1911 Virginia had a daughter from her prevous marriage!) k. Reuben Gordon Serum, f. i Jackson Co., Minn. 7.6.1895, vart borte på sjøen ##### (date and place of his death? - Somerset, England?) 1949. Reuben gifte seg i Jackson, Minn. 3.1.1924 med Hilda Malina Lee, f. i Jackson Co., Minn. 26.4.1900. Ho d. i Jackson, Minn. 26.5.1949. Reuben Serum var elektrikar («telegraph lineman electrician»), og han og Hilda budde ei tid i Prentice, Price Co., Wis., men elles i Jackson, Jackson Co., Minn. Dei fekk fire born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive