Dette er ei kjempeutfordring som eg har jobba med sidan 1980-talet, men som eg aldri har greidd å finna ut av:
Iver Sjurson, fødd i Luster 12.1.1856, var son av Sjur Iverson (1815-1892) og Britha Guttormsdfotter (1823-1893), husmannsfolk i Øyane under garden Flattun i Luster. Dødsmeldingane fortel ikkje noko om borni, men me veit at Iver utvandra til Amerika i 1885.
Ingen av søskeni hans utvandra, men søsteri Kari Sjursdotter (1858-1888) let mellom anna etter seg ei «uekte» dotter:
Christi Christiansdotter Flattun alias Kristie K. Knutson (1882-1917) som utvandra i 1902 og gifte seg i Dane Co., WI 20.4.1905 med Christian Hansson Eithun alias Chris E. Hanson frå Balestrand (1871-1953), og dei budde i Stoughton, Dane Co., WI.
Kan det tenkjast at denne søsterdotteri reiste til morbror sin i Amerika?
Eg ville vorte svært so glad om nokon greier spora opp denne karen i Amerika og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!