Benjamin Hansen kom i 1847 som handelsmann til Luster og budde mange år på garden Rønnei. Då eg jobba med denne huslyden på 1980-talet, fann eg ikkje ut noko særleg om kona hans, og etter nye freistnadar i dag, står eg framleis ganske so «bom fast»! Kanskje nokon har betre auge enn eg?
Her følgjer eit oppdatert manuskript:
~~~~~~~~~~~~~~~~
Benjamin Michaelson Hansen, som òg var bergensar, var son av skipper Michael Hansen i Bergen, opphavleg frå
##### (kvar fødd/oppvaksen? – vigde i Bergen 1798: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000995294
og kona Gjertrud Johanne Henriksdotter Stender frå Bergen og f. i Bergen 30.12.1811. Benjamin fekk 1.6.1847 skøyte på handelsstaden på Rønnei, og 26.7.1847 gifte han seg i Luster med Anna Margrethe Andreasdotter Amundsen frå Bergen. Ho var dotter av skipper Andreas Amundsen i Bergen, opphavleg frå
##### (kvar fødd/oppvaksen?)
og kona
##### (namn og opphav?)
og f.
##### (dato og stad for fødsli hennar? – kring 1810! – skal ifølgje vigsli vera fødd i Bergen, men finn ho ikkje: https://media.digitalarkivet.no/view/8400/129
ogso FT1865 seier ho var fødd i Bergen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038261005319
Benjamin Hansen var handelsmann på Rønnei i mange år, men Anna d. her på Rønnei 14.6.1868, og 14.4.1870 selde Benjamin heile eigedomen til Jacob Torstenson Molland på Rønnei (bnr. 5).
Benjamin Hansen flytte i 1870 til dotteri Gjertrud som budde på Skåtøy ved Kragerø,
##### (lagnaden hans?)
Benjamin og Anna Margrethe Hansen fekk altså ei dotter i lag:
1. Gjertrud Susanna Charlotte Benjaminsdotter Hansen (1848-1936), vart gift med skipsførar og presteson Christian Laurentius Zimmermann Hansson Bonnevie frå Dale prestegard (1833-1898).
~~~~~~~~~~~~~~~~
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!