Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'solfestson'.
Fant 1 resultat
-
Dette er ei utfordring frå sist på 1970-talet som eg aldri har greidd å løysa. Kanskje er no tidi kommi? Nils Sølfestson Fuglesteg, døypt i Luster 3.2.1805, gifte seg i Luster 26.6.1838 med Bertha Kirstine Christophersdotter Optun, døypt i Luster 27.6.1814. Dei var i mange år gardbrukarar på Fuglesteg i Luster, men flytte i 1855 til Bergen (eller Haus?) og utvandra derifrå til Amerika i 1858. Dei hadde åtte born, mellom anna desse: * Susanna Nilsdotter, fødd i Luster 7.10.1840 * Sølfest Nilsson, fødd i Luster 17.2.1843 * Bertha Kirstine Nilsdotter, fødd i Luster 6.7.1846 Her er huslyden i FT1860 for Glenwood township, Winneshiek Co., IA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GB9J-9J5R Nils Solfestson døydde i Winneshiek Co., IA 17.10.1868, og Ved FT1870 er Betsey enkje i Ludlow township, Winneshiek Co., IA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-635S-RGG I 1873 flytte Betsey med fleire borni sine til Dixon Co., NE, og Ved FT1880 er Betsey enkje i Summerhill precinct, Dixon Co., NE: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBH-43F Ved FT1885 er B. C. Solfestson som enkje busett hjå sonen Solfest og med dotteri Susan same stad: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939N-8HF3-P ** Bertha Solfestson må vera avlidi ein gong mellom 1885 og 1900 - truleg i Dixon Co., NE! Broren Solfest Solfestson budde i 1900 hjå ei yngre søster Emma i Lyon Co., MN, men kom attende til Nebraska og døydde i Galena, Dixon Co., NE 23.12.1908 Søsteri Susan var i 1900 innflytt hjå søsteri Bertha Johnson i Swan township, Holt Co., NE: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-69YW-MYP Kring 1905 flytte Bertha Johnson med huslyden sin til Howard, Clay Co., NE der mannen Nelson døydde 2.2.1907. Bertha budde framleis der hjå dotteri Nettie Smith i 1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRNR-S23 Siste gongen me ser Susan Solfestson nemnd, er i samband med desse landtransaksjonane i Holt Co., NE i 1908: Name: Susanna Solfestson Issue Date: 19 Oct 1908 Place: Holt, Nebraska, USA Meridian: 6th PM Township: 025n Range: 016W Aliquots: S½NE¼ Section: 27 Accession Number: 23134 Document Number: 6580 Household Members: 9229327 Name: Susanna Solfestson Issue Date: 19 Oct 1908 Place: Holt, Nebraska, USA Township: 025n Range: 016W Aliquots: S½NW¼ Section: 27 Accession Number: 23134 Document Number: 6580 Household Members: 9229328 ** Susan Solfestson må vera avlidi ein gong etter 1908, uvisst kvar! Utfordringane mine i denne huslyden er følgjande: ** Dato og stad for dødsfallet til Bertha Kirstine Solfestson? ** Dato og stad for dødsfallet til Susanna Solfestson? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive