Paret Anders Jakobson Føleide og Barbra Monsdtr. Andenes gifte seg i Gloppen 6. januar 1730 https://www.digitalarkivet.no/kb20070228290591
Etter vigsla har ein ikkje funne noko om dei, men ved skiftet etter Anders si syster Brite Jacobsdtr. Yttre Henden i 1751 er han skriven Anders Jacobsen Solem. https://www.digitalarkivet.no/sk20081128640116
Eg har lett etter paret på alle Solheimgardane i Nordfjord, Bremanger, Kinn, Naustdal og Førde utan spor.
Nokon som kan hjelpe meg på sporet etter desse to?