Eg sit att med nokre få «mysteriar» når det gjeld dei norske pionerane i Sterling township, Vernon Co., WI i 1870, og eitt av desse er huslyden til John Soren (Dwelling 180):
https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6P89-PYX?i=22&cc=1438024
Soren, John 28 farmer Nor
Soren, Esther 35 keeping house Nor
Soren, Theodore 16 at home WI
Soren, Henry 14 at home WI
Soren, Anse 8 attending school WI
Soren, Mary 6 attending school WI
Soren, Anton 26 farm laborer Nor
Alle dei andre norske på denne sida var frå Luster eller Lærdal, og desse folki KAN òg vera sogningar, men eg greier berre ikkje identifisera dei og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
PS: Namnet SAAREM førekjem i dette nabolaget, me eg ser ikkje noko samband...