I innlegg #21 i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/219408-otto-hansson-ørbech-1659-1705-dels-oppvaksen-i-luster-sokneprest-til-ringebu-kartleggjing-av-huslyden-hans/
er det komme fram følgjande opplysning:
Ved ein barnedåp i Borre i Vestfold 4.1.1728 er ein av fadrane oppgjeven vera sorenskrivar Østen Ørbech:
https://media.digitalarkivet.no/view/8165/32
Eg reknar med dette må vera ein son av sokneprest Otto Hansson Ørbech til Ringebu og døypt der 4.2.1697.
Men er det nokon som har oversyn over sorenskrivarane frå den tidi og kvar det vart av denne karen? I september 1727 var den same Østen Ørbech fadder i Bergen, men då utan titel...
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!