Nils Christenson er ein person som eg har vore på leiting etter i over 35 år!
Han var fødd i Luster 26.8.1845 som «uekte» son av Gjertrud Nilsdotter frå Sørheim (Sørum) i Luster (1823-1908) og husmann Christen Christenson på plassen Brunane under Lerum i Luster (1826-1870).
Nils var i 1865 tenestedreng på Lerum i Luster: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038261001817
Nils utvandra til Amerika i 1866, og i passasjerlista over Québec er namnet feilskrive Saium (for Sørum): https://www.digitalarkivet.no/view/194/pe00000000338677
Mori hadde to brør, Iver (1820-1900) og Johannes (1827-1908) som utvandra til Amerika, Iver «Iver Sorum» i 1856 til Fillmore Co., MN og Johannes «John Sorum» i 1853 til Olmsted Co., MN. Elles gifte mori seg sidan med Lars Christenson Ottum. Dei hadde fleire born i lag, og huslyden utvandra i 1862 til Long Lake, Watonwan Co., MN der Gertrude døydde 24.2.1908.
Eg kan ikkje sjå noko til Nils Christenson i Watonwan Co., MN, men etterkomarar etter halvsøskeni hans meiner dei har høyrt gjete at Nils, truleg kjend som Nels Christenson eller Nels Sorum, skal ha butt som farmar i South Dakota.
Eg ville setja stor pris på opplysningar om lagnaden til Nils i Amerika og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!