Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'spokane wa'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Dette er ei utfordrande huslyd som Ivar Moe i dag har mint meg om, og som eg gjerne vil drøfta i Brukarforum. David Johnson i Jostedalen miste livet ved ei breulukke i Jostedalen i 1852 og let etter seg fleire born. Men tross mykje leiting har eg ikkje greidd å finna korkje lagnaden til sonen Nils Davidson eller dødsfallet til dotteri Britha/Bertha som levde i Spokane Co., WA i 1910, men som sidan vert borte! Her er den svenske avisartikkelen som minte meg om denne huslyden: Her følgjer so eit utdrag av manuskriptet mitt for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~ David Johnson Kronen, opphavleg frå Gjerde under Hellegard, vart døypt 12.11.1815 og sette livet til ved eit ulukkeshende på Jostedalsbreen 31.3.1852. Han gifte seg i Jostedalen 7.7.1845 med Cecilia Pedersdotter frå Bergheim i Luster. Ho var f. i Luster 1.11.1816 og d. som enkje og legdelem på Valaker i Hafslo 26.2.1880. David og Cecilia fekk i 1845 hand om denne plassen under Kronen som etter David fekk namnet Daveplassen. Me trur det var den same plassen som Martin Iverson i si tid rydda og som sidan hadde hatt busetnad stort sett samanhengjande. David og Cecilia vart buande på plassen til han våren 1849 vart teken av ei snøskrede, og David og Cecilia laut flytta herifrå. Plassen vart nedlagd på same tidi, og den vesle jordi som var, gjekk attende til garden. I 1849 var David og Cecilia innerstfolk på Gjerde under Hellegard, og då David d. i 1852, var han innerst på Flatejordi under Haugen. I 1860-åri ser Cecilia ut til å vera fari til Hafslo, og der budde ho resten av levetidi si. David og Cecilia fekk tre born i lag, og dessutan hadde Cecilia ei dotter frå før {to av desse borni var}: 2. Nils Davidson, f. 3.6.1844, Nils Davidsen flytte i 1860-åri til Egersund ##### (n. 1865 som skomakarsvein hjå Johan Marius Eie i Egersund – seinare lagnad?) 4. Britha Davidsdotter, f. 27.12.1849, var tenestejente på Valaker i Hafslo frå kring 1870 og fram til 1882. Bertha Davidson utvandra til Amerika frå Hafslo i 1882 og gifte seg i Renville Co., Minn. 22.3.1884 med Osmund Olson frå Hogstul i Hjartdal, Telemark, i Amerika kjend som Ausmen Hoagstel. Han var son av gardbrukar Ole Osmundson på Hogstul og kona Helga Olsdotter frå Voldkåsa og f. i Hjartdal 18.12.1839, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1846. Ausmen voks opp på ein farm i Whitewater township, Walworth Co., Wis., men vart sidan smed og budde ei tid i Milan township, Chippewa Co., Minn. før han og Bertha slo seg ned som farmarar i Melville township, Renville Co., Minn. Kring 1895 flytte dei til ein farm i Prior township, Big Stone Co., Minn., men i 1903 flytte dei til ein farm i McIntosh township, Spokane Co., Wash. Ausmen d. i Spokane, Wash. 17.7.1928, medan Bertha d. ##### (date and place of her death? – after 1910!) Bertha fekk i alt seks born, ei dotter før ekteskapet og fem born med Ausmen Hoagstel: ~~~~~~~~~~~~~ Her ser me Ausmen og Bertha framleis i lag i FT1910 for McIntosh township, Spokane Co., WA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYB-GQB Men i FT1920 er Ausmen «single» busett hjå sonen Daniel i McIntosh township, Spokane Co., WA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRXK-SMT Men det merkelege er at då Ausmen døydde i Spokane, WA i 1928, er han GIFT med Bertha: Name Osman Hoxtel Event Date 17 Jul 1928 Event Place Spokane, Spokane, Washington Gender Male Age (Formatted) 88 years 7 months 6 days Birth Year (Estimated) 1840 Marital Status Married Spouse's Name Berta Hoxtel For meg ser det ut til at Ausmen og Bertha er vortne SKILDE ein eller annan gong etter 1910, men kvar vart det av Bertha?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om Nils i Egersund og Bertha i Spokane, WA!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.