Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'stabel'.
Fant 2 resultater
-
I «Slekten Stabel» s.175 står det en del om Susannes forhold til huslærer Johan Hegerman, men det er ikke oppgitt noen kilder. Noen som vet hvor opplysningene kommer fra og eventuelt mer om Susanne og denne Johan? https://www.nb.no/items/8762a720ae8507442460dd29695a66d6?searchText=Krabbe&page=175
-
Dette er ein huslyd litt utanom det «vanlege». Det gjeld prestesonen Bastian Nilsson Stabel frå Holla som i 1753 kom som skulehaldar til Jostedalen etter at han før hadde vore klokkar til Fyresdal, men avsett frå den stillingi. Eg jobba ganske so intensivt med denne biografien for om lag 25 år sidan, men kom aldri skikkeleg «til bonns». Til dømers greidde eg ikkje med den gongens tilgjengelege kjelder å finna ut kven kona hans var, eller kvar det vart av Bastian og sambuaren hans etter 1758. Dotteri Kirsti er òg «borte vekk». Kanskje ligg tilhøvi i dag betre til rette for å komma litt vidare med denne biografien? Kanskje nokon sit med heite tips? Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~ Bastian Nilsson Stabel, opphavleg frå Holla i Telemark, var son av sokneprest Nils Bastianson Stabel til Holla, opphavleg frå ##### (kvar fødd og oppvaksen?) og kona Kirsti Nilsdotter Tauson frå ##### (kvar fødd og oppvaksi?) og visstnok f. i Fredrikshald (Halden) kring 1708. ##### (sjekka denne fødsli?) Bastian Stabel vart i 1729 student frå skulen i Skien og studerte sidan teologi, men braut av desse studiane. Han gifte seg ##### (dato og stad for vigsli hans? – kring 1739?) med ##### (fullt namn på kon hans? – fødsli hennar? – dødsfallet hennar?) Bastian var ei tid assisterande klokkar i Seljord og deretter klokkar og lærar i Fyresdal til han vart avsett i 1744. ##### (bustaden hans mellom 1744 og 1753?) Men i 1753 kom Bastian Stabel som skulehaldar til Jostedalen. Kona hans levde framleis i Fyresdal, men Bastian slo seg på same tidi i lag med Britha Olsdotter, visstnok frå Bruheim. Ho var f. kring 1728. Britha Olsdotter flytte i ung alder frå Jostedalen og tente visstnok fleire stader, mellom anna i Fjærland og på Ål i Hallingdal. Det kjem sidan fram at ho der var trulova med gardbrukar Svend Lasseson frå Skarsgard på Ål. Han var son av gardbrukar Lasse Brynjulfson og kona Kari Svendsdotter på Skarsgard og f. på Ål kring 1731. Det vart aldri noko av dette ekteskapet, men Svend vart sidan gift to gongar i Ål og flytte med andre kona si til ein plass, visstnok på Vossabakken, under Gjernes på Voss og derifrå vart han gravlagd 12.10.1809. Bastian og Britha busette seg i 1753 på Hesjevollen, men det vart snart misnøye i dalen med levesettet deira. I tillegg til å leva i lag med påfølgjande tiltale for leigarmål vart dei òg tiltalt for å ha drive handel med brennevin, og i 1757 laut dei flytta frå Hesjevollen. Britha Olsdotter vart i 1758 dømt til åtte år i manufakturhuset i Bergen, ##### (seinare lagnad?) Bastian vart same året omtalt som omstreifar, ##### (seinare lagnad? – attende til Fyresdal?) Bastian og Britha fekk ei dotter i lag, men me kjenner òg til to born etter Britha og Svend Lasseson: 1. Barbro Svendsdotter, tvilling, døypt på Ål 25.4.1751, vart gravlagd på Ål 12.6.1751. 2. Guri Svendsdotter, likeins tvilling og døypt på Ål 25.4.1751, vart gravlagd på Ål 16.6.1751. 3. Kirsti Bastiansdotter Stabel, f. på Hesjevollen kring 1756, Kirsti Bastiansdotter Stabel flytte frå Jostedalen med foreldri i 1758, ##### (seinare lagnad?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive