Denne utfordringi er komi for ein dag i kveld etter at Terje Tandsether i innlegg #322 av dette emnet
https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/?page=13
nemner denne personen:
Synneva Rasmusdotter vart døypt frå Marifjøra i Hafslo 10.3.1735 som «uekte» dotter av Rasmus Torbjørnson frå Marifjøra og, som det går fram av tingbøkene, ei Susanna Olsdotter, som me ikkje veit noko meir om:
https://media.digitalarkivet.no/view/11455/33
Synneva fekk sjølv ei «uekte» dotter på Leikanger, Anna Sjursdotter med barnefar Sjur Andersson Sværen frå Balestrand, døypt 8.4.1757:
https://media.digitalarkivet.no/view/11566/47891/8
foreldri «publice absolveret» 19.6.1757:
https://media.digitalarkivet.no/view/11566/47891/10
Eg ser at ei Synneva Rasmusdotter Krogen gifte seg på Leikanger 25.6.1765 med ein Hans Olson Husebø:
https://media.digitalarkivet.no/view/11566/103
Kan dette verkeleg vera «vår» Synneva? Ætteboki frå Leikanger seier følgjande:
«Hans Olson, gift med Synneva Rasmusdotter 1729-1792 og andre gongen 1793 med Dordei Larsdotter, innflytte frå Vik - plassfolk på Stegen
søner: Erik 1768 og Anders 1774»
Far hennar Synneva, Rasmus Torbjørnson, gifte seg sidan med Anna Larsdotter frå Leirdalen i Luster, og dei busette seg etter kvart på plassen Sagi under Kroken i Hafslo. Det at dotter hennar fekk namnet Anna, og det faktum at Synneva i 1765 er kalla «Krogen», styrker nok min mistanke om at dette er «rett» Synneva og at ho truleg voks opp hjå faren og stemori!?
Då står me framfor følgjande hovudutfordringar:
** Kven var Sjur Andersson Sværen?
** Kvar vart det av Anna Sjursdotter, fødd 1757?
** Kan Synneva vera nemnd i ekstraskatten 1762? Fekk ho kan henda fleire born utanfor ekteskap?
** Kven var Hans Olson på Husabø? Leveåri hans?
** Sonen Erik tok over plassen på Stegen under Husabø, men kvar vart det av hin sonen, Anders Hansson, f. 1774?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!