Dette er ein person som berre synest «forsvinna» for meg i Amerika. Kan nokon hjelpa meg?
Andreas Olson, fødd «uekte» i Luster 16.6.1862 av foreldri Ole Torkildson Rønnei (1838-1928) og Mari Nilsdotter Svangstu (1835-1902), voks opp på Øvrebø i Luster og utvandra altso derifrå i 1886:
https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000675630
Faren Ole Torkildson Rønnei vart sidan gift og utvandra i 1904 med kona si til Columbia Co., WI, men hadde vel neppe kontakt med denne sonen i Amerika...
Mori fekk i alt fire «uekte» born. Derav voks tre opp; i tillegg til Andreas var det:
* Mari Torgersdotter (Svangstu) (1868-1960) som utvandra i 1894 og gifte seg med Hans Larsson Raaum (1860-1937). Dei farma i Modena township, Buffalo Co., WI
* Ole Torgerson Swangstu (1873-1957) som utvandra med første kona si i 1903. Dei farma òg i Modena township, Buffalo Co., WI
Kan ogso Andreas ha busett seg i Buffalo Co., WI??
Finst det kanskje passasjerlister for ankomne emigratar til Amerika som kan hjelpa oss??
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!