Peder Sølfestson Aaberge frå Sogndal gifte seg i 1837 med Ragnhild Johannesdotter Feigum frå Luster. Dei budde først på Åberge i Sogndal, men utvandra til Amerika i 1847. Dette er ein huslyd som Professor Gerhard B. Naeseth i Madison, WI (1913-1994) strevde med å komplettera, men han støtte på mange vanskar, som eg freista hjelpa han med so godt eg kunne etter den tidas kjeldehøvde.
Etter den tid er det vorte mykje lettare å grava etter denne huslyden, og eg har no finne svar på mange av dei gamle utfordringane, men framleis står det att vanskar, som til dømes:
* Norske opphav til svigerdotteri Mathilda Brown frå Voss?
* Norske opphav til svigerdotteri Marie Otteson frå Nord-Trøndelag?
* Seinare ekteskap og lagnad til dotteri Ellen?
* Opplysningar om svigerdøtrene Hattie Ellis, Anna NN og Jennie Conway?
* Lagnadane til døttrene Kari og Ingeborg Marie?
Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden pr. i dag:
~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar som «eliminerer» dei første to spørsmåli over, er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #4 under!
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!