Peder Sølfestson Aaberge frå Sogndal gifte seg i 1837 med Ragnhild Johannesdotter Feigum frå Luster. Dei budde først på Åberge i Sogndal, men utvandra til Amerika i 1847. Dette er ein huslyd som Professor Gerhard B. Naeseth i Madison, WI (1913-1994) strevde med å komplettera, men han støtte på mange vanskar, som eg freista hjelpa han med so godt eg kunne etter den tidas kjeldehøvde.
Etter den tid er det vorte mykje lettare å grava etter denne huslyden, og eg har no finne svar på mange av dei gamle utfordringane, men framleis står det att vanskar, som til dømes:
* Nors