Iht bygdeboka for Solund får Ole J. og Johanna A. ein son Guttorm under Søndre Hjønnevåg i 1826: https://www.nb.no/items/506522f0cace7744121dafc397b91e57?page=153&searchText=guttorm (han er f. 18.9.1826).
Ole d. 12.12.1829, 37 år gamal (ikkje 27 år som det står i bygdeboka).
Johanna d. 28.6.1844, 57 2/3 år gamal
Kan dette vere det same paret som er nemnde i bygdeboka for Hyllestad under Systad, Bruk 4, nr. XIII: https://www.nb.no/items/e21cc9f3258115f2f9a07b49823c6488?page=123 ?
- Kva skjedde med dei 3 nemnde borna; Johannes, Anders og Siri? I tillegg finn eg at dei også hadde sonen Iver f. 1823 (også under Systad).
- det står dei flytta til Evindvik i 1823, det kan passe med at paret dukker opp i Gulen/Solund.
Dette paret gifter seg då i juli 1817 (øverst til venstre): https://www.digitalarkivet.no/kb20070319630589
Askvoll sokneprestembete, AV/SAB-A-79501/H/Haa/Haaa/L0009: Ministerialbok nr. A 9, 1776-1821, s. 522-523
Eg finn ikkje Johanna nevnt under Lekva i bygdeboka for Hyllestad, men ho er der ved FT1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058400002673
Eg treng nokre friske auge på dette...!
Når det gjeld Guttorm så har eg funne ut av hans lagnad, han vart gift i Gulen 8.8.1859 med Gjerke J. Utvær. Dei fekk i alt 7 born i Manger, Laksevåg, Bergen i perioden 1860-1873. 5 av borna var i livet då foreldra døydde hhv 1906 (Guttorm) og 1903 (Gjerke).