Prøver å finna rett/meir informasjon om familien til Ola Erikson Svalheim Moen.
Ola Erikson Svalheim Moen: fødd kring 1647 og gravlagt frå Moen, Øvre Årdal 29.05.1729.
Sonen Erik Olson Moen: Fødd kring 1673 og gravlagt frå Moen, Øvre Årdal 27.01.1743.
Bygdebok for Årdal. 3 : Slektsbandet
Olle Erichsen - Manntallet 1701, nr. 8: Ytre Sogn fogderi og Indre Sogn fogderi - Digitalarkivet
Gravferd Ola Erikson Moen: Kirkebøker: Lærdal sokneprestembete, AV/SAB-A-81201: Ministerialbok nr. A 1, 1711-1752, s. 46 - Skanna arkiver - Nasjonalarkivet
Gravferd Erik Olson Moen: Kirkebøker: Lærdal sokneprestembete, AV/SAB-A-81201: Ministerialbok nr. A 1, 1711-1752, s. 89 - Skanna arkiver - Nasjonalarkivet
Kanskje Erik Svalheim var fart til Ola Erikson? Laberg er i si bok sikker på det og MT 1666 viser at Erik Svalheim har ein son Ole Erikson som er 19 år.
Siste observasjon eg har på Erik Svalheim er då han var lagrettemann i Årdal 24.04.1669 på Lægreid Tingstove.
Kanskje Ola overtok garden etter ffaren på denne tida?
Årdal i Sogn : bygd og ætter
Folketellinger: RA, Sogneprestenes manntall 1664-1666, nr. 23: Sogn prosti, 1664-1666, s. 136-137 - Skanna arkiver - Nasjonalarkivet
Dei "nye" bygdebøkene i Lærdal har ein litt anna versjon på Ola Eirikson Moen Svalheim:
Foreldre til Ola Erikson: Erik Tønjum og Kari Hallvardsdotter Hillestad
Ektefeller til Ola Erikson:
G.m. 1: Gjertrud Seiglsdotter Husum Hunderi
G.m. 2: Jesa Hallvardsdotter Hillestad
Barn til Ola Erikson:
1. Brynhild.
2. Brita.
3. Erik. Jesa er mor.
4. Barbra (1670*-1745). Jesa er mor.
Lærdal bygdebok. 3 : Heim og ætt Tønjum og Hauge sokn : Grøto - Hunderi
Lærdal bygdebok. 1 : Heim og ætt : Borgund sokn
Eg trur at Lærdal BB kan ha miksa i lag 2 stk. Ola Erikson.
Er det nokon som har kunnskap og dokumentasjon om foreldre, kone og barn.