Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'talla'.
Fant 1 resultat
-
Det vert fortalt at medan to av brørne reiste til California i 1848 for å grava gull der, flytte Tøger Talle i staden til Australia i same ærend. Men eventyret i Australia varte ikkje so lenge, og i 1854 vart Tøger Talle kjend som grunnleggjaren av det norske settlementet i Wanamingo township, Goodhue Co., MN. Denne soga er det skrive mykje om, men mindre er det skrive om huslyden hans. Eg har samla mykje om konene hans, men kvar det vart av den første, er eit mysterium. Me trur ho døydde i Australia før Tøger fór til Amerika.... Andre kona var frå Norderhov på Ringerike , og ho skal ha vore «kolera-enkje» då ho vart kjend og gift med Tøger i 1855. Ei utfordring i huslyden hennar er opphavet til svigerdotteri Sigvor Olsdotter, som eg vonar nokon greier å finna ut av. Dette er ein svært so «spesiell» huslyd, som eg trur vil interessera mange. Her følgjer et oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Tøger Nitter Nilsson Talle, son av føregåande brukar og herifrå garden, var f. 8.1.1809 og fekk 9.9.1835 skøyte på heimebruket hjå foreldri. Han dreiv garden fram til 1846, og 9.4.1847 gifte han seg i Årstad ved Bergen med Eli Aamundsdotter frå Haugen under Berge i Dale, f. 16.8.1818. Toege Talla fekk i 1847 attest hjå soknepresten for å utvandra til Amerika. Han og Ellen kom heller aldri attende til Luster, men i staden for å dra til Amerika, skal dei vera farne til Australia der Toege var gullgravar («gold miner»). Ellen Talla må vera avlidi kring 1850, ##### (probably died in Australia - details?) og snart etter reiste Toege vidare til Amerika. I 1854 drog han i lag med broren Henry og to av søstrene deira til Minnesota, og same året grunnla dei ein norsk nybyggjarkoloni i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn. Toege gifte seg att i Goodhue Co., Minn. 27.6.1855 med enkja Olea Olsdotter, opphavleg frå Sørgefoss i Norderhov, då kjend som Olena Gulbrandson. Ho var dotter av ##### (sjekka om dette opphavet stemmer?) gardbrukar Ole Thoreson på Sørgefoss, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Mari Henriksdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Norderhov 12.3.1813. Ho gifte seg første gongen i Norderhov 19.7.1837 med Nils Gulbrandson frå Kvernebergsundet ##### (plass under kva gard? - nær Hønefoss?) i Norderhov. Han var son av ##### (husmann?) Gulbrand Nilsson på Kvernebergsundet, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Martha Engebretsdotter frå ##### (opphavet hennar?) og vart døypt i Norderhov 26.12.1812. Nels og Olena Gulbrandson utvandra til Amerika i 1851, men Nels skal vera avliden av kolera på veg til Goodhue Co., Minn. i 1854. ##### (details on this?) Toege og Olena heldt fram som farmarar i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn. der Toege d. 11.11.1888. Olena Talle vart buande nokre år på farmen som enkje, men flytte so med yngste sonen til Fairview township, Cowley Co., Ks. der ho d. 29.6.1900. So vidt me veit, var første ekteskapet til Toege Talla barnlaust, ##### (to be verified?) men Olena fekk i alt fem born, fire frå første ekteskapet med Nels Gulbrandson og eitt frå det siste med Toege: a. Gulbrand Nelson, f. på plassen Sundet under Øvre Tandberg i Norderhov 22.9.1837, utvandra til Amerika med foreldri i 1851. Han flytte med mori til Goodhue Co., Minn. og gifte seg i Red Wing, Minn. 24.5.1859 med Sigvor Olsdotter frå ##### (det norske opphavet hennar?) i Amerika kjend som Sigvor Olson. Ho var dotter av ##### (foreldri hennar med yrke, bustad og opphav?) og f. i ##### (fødestaden hennar?) 23.9.1836, men utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret hennar? - 1846 or 1857?) Gulbrand og Sigvor Nelson farma ei tid i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn., men flytte sist i 1880-åri til ein farm i Baker township, Kingsbury Co., S.D. og sidan vidare til ein farm i Ortley township, Roberts Co., S.D. der Gulbrand d. 21.12.1908. Sigvor Nelson d. same staden 20.3.1911. Dei fekk fjorten born i lag, mellom anna desse tre døtrene: - Inger Olina, kjend som Olina Nelson (1860-1894), vart gift med gardbrukarsonen Johannes Jensson frå Kvam øvre i Hafslo (1857-1944) (s.d.). - Anna Marie Nelson (1862-1954), vart gift med Peder, kjend som Peter O. Yngsdal (1865-1925), son av innerst Ole Pederson frå Kvam øvre i Hafslo (1818-1901) (s.d.). - Nette Gurine Nelson (1866-1901), vart gift med Christopher Nitter Lilleskov (1864-1942), son av gardbrukarsonen Jan Johannesson frå Lilleskog i Hafslo (1833-1896) (s.d.). b. Martha Marie Nelson, f. i Norderhov 11.9.1839, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1851, men skal vera avlidi i same koleraepidemien som tok livet til faren i 1854. ##### (to be verified?) c. Ole Nelson, f. i Norderhov 2.1.1845, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - Norderhov før 1851?) d. Dortha Nelson, f. i Norderhov 6.11.1849, utvandra til Amerika med foreldri i 1851, men skal liksom faren vera avlidi i koleraepidemien i 1854. ##### (to be verified?) e. Nels T. Talla, f. i Goodhue Co., Minn. 13.4.1857, d. i Ninnekah, Grady Co., Okla. 13.10.1930. Nels Talla gifte seg i Goodhue Co., Minn. 16.5.1877 med Johanna O. Sage, dotter av husmannssonen Ole Erikson frå Sage under Dale (1824-1874). Ho var f. i Goodhue Co., Minn. 11.2.1860, og d. i Chickasha, Okla. 8.10.1930, fem dagar før mann sin. Nels og Johanna tok først over heimefarmen hans i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn., men i 1893 selde dei og flytte til ein farm i Fairview township, Cowley Co., Ks. I 1909 flytte dei vidare til ein ranch i Clarksville, Red River Co., Tx., og endeleg flytte dei i 1916 til ein farm nær Ninnekah, Grady Co., Okla. Me lyt leggja til at Nels Talla var postmeister («postmaster») i Ninnekah, Okla. i mange år. Han og Johanna fekk femten born lag. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive