Denne vigsli er innført i Nykyrkja i Bergen 12.6.1743:
Styrmann Christian Fredrik Theodosius og enkja Anna Ørbech: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=13865&merk=13865#ovre
Anna Ottosdotter Ørbech, prestedotter frå Ringebu, var fødd på Ringebu kring 1694 som del av denne huslyden:
https://forum.arkivverket.no/topic/219408-otto-hansson-ørbech-1659-1705-dels-oppvaksen-i-luster-sokneprest-til-ringebu-kartleggjing-av-huslyden-hans/
Ho gifte seg første gongen i Tønsberg 18.11.1716 med kjøpmannssonen Jochum Janson Møller frå Bergen, som eg heller ikkje veit noko meir om.... Dei budde i Bergen og fekk åtte born i lag, men huslyden ser ut til å «forsvinna» etter at Anna gifte seg att med denne styrmannen...
Er det nokon som har høyrt gjete ein styrmann med dette merkelege namnet? Kvar kan dei ha vorte av??
Eg er òg interessert i fleire opplysningar om Jochum Møller, om det skulle finnast nokon stad...
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!