Kyrkjeboki for Luster for 1849 syner denne fødsli:
Else Margrethe Thesen, fødd 29.9.1849 og døypt 4.11.1849 av ugift foreldre Rasmus Thesen af Flakstad præstegjæld og Anna Arnesdotter Qualsvig: https://media.digitalarkivet.no/view/8401/11
Else utvandra til Amerika med mor si i 1862 og er kalla Else M. Thompson då ho gifte seg i Sioux City, IA 23.3.1872. Eg reknar med at Thopson er ei avleiing av Thesen...
Men kven var denne barnefaren?
Er det kanskje den same Rasmus Thesen som vart enkjemann og fekk eit barn i Flakstad i 1831: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000000956547
og som her er nemnd som handelsmann i Moskenes i 1816: https://www.digitalarkivet.no/view/97/pt00000000350366
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!