I samband med følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/225230-ingeborg-rasmusdotter-frå-hafslo-barnemor-i-gulen-1823-flytte-ho-til-bergen/
er det dukka opp eit spørsmål om ein «sidelinjeerving» med namn Martinus Andersson Trevaag som i 1880 var busett i Bø i Vesterålen!
Eg finn berre ein person med dette namnet i Bø som kan høva so nokolunde:
FT1875: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1867&kenr=005&bnr=0085&lnr=00
Ved vigsli i Bø 29.11.1874 heitte han Martinus Andersson:
https://media.digitalarkivet.no/view/6659/144
Men kanskje finst det andre «kandidatar» i Bø som eg ikkje har oppdaga?
Eg ser til dømes at det i 1900 var ein annan Martinus Andersson på Strømsjø i Bø som òg kan vera aktuell...:
http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1867&kenr=007&bnr=0072&lnr=00
Eg greier forresten ikkje ut ifrå dei føreliggjande opplysningane eintydig å identifisera opphavet til nokon av desse Martinus Andersson...!
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om Martinus Andersson!