Gerhard B. Naeseth (1913-1994) i Madison, WI, den vel umomstridne største eksperten på utvandring frå Noreg til Amerika, børja kring 1970 å skriva av for hand alle dei norske innførslene i amerikanske folketeljingar, først og fremst 1850, 1860 og 1880. Særleg har eg vore oppteken av FT1880, og Gerhard sendte meg i si tid kopiar av alle desse avskriftene som han gjorde. I utgongspunktet hadde han alt identifisert ganske mange av dei personane som var innførte før listene kom til meg, medan eg såg det som mi oppgåve å identifisera so mange som mogeleg av dei tusener av emigrantar som var komne frå indre Sogn. Sidan er ogso eit stort tal hallingar vortne identifiserte av lokal ekspertise.
Desse avskriftene danna i si tid grunnlaget for databasane som no ligg ute i Digitalarkivet av norske i Amerika 1880, men listene ville vore so mykje meir spennande og interessante dersom me kunne få lagt inn dei mange tusen identifikasjonane som er påskrivne kopiane, og dessutan ville det vore ønskjeleg å få sett i gong arbeidet med å freista identifisera fleire av dei uidentifiserte emigrantane som dukkar opp i desse listene, som ofte vil vera emigrantar frå andre kantar av landet! Eg ser for meg at me på eitt eller anna tidspunkt kan enda opp med eit «Norgeskart» over Amerika...
Eg trur ikkje det er relevant å påleggja arkivverket ansvaret for ei slik oppgåve, men listene bør jo leggjast ut for publikum. Eg meiner å vita at NAHA har stor interesse av eit slikt prosjekt, og eg reknar med at DIS-Noreg òg vil ha interesse av dette? Kanskje ogso NSF? Men når det gjeld sjølve identifikasjonearbeidet, er me naturleg nok avhengige av ekspertise frå heile landet - eit felles løft til ein felles base som alle vil ha nytte av!
Eg sit på desse listene i dag, men er òpen for innspel for korleis dette kan gjennomførast!