Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'våle'.
Fant 2 resultater
-
Eg har lenge vore på leiting etter denne vigsli: Arne Karlson DUESTAD, fødd i Hurum 28.9.1927 (døydde 2017) Ingrid Magdalena Nicolaisdotter BRATLAND, fødd i Våle 22.4.1927 (døydde 2017) som skal ha gift seg i Våle i eller kring 1951. Eg finn ikkje vigsli i lysingsprotokollen for Våle, men kanskje nokon kan finna ho i Norsk Lysingsblad og/eller ei lokal avis? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Albert og Elise Haugen - vigde kring 1928 - truleg i Wisconsin - dato og stad? - ei amerikansk utfordring?
Lars E. Øyane postet et emne i Brukernes eget forum
Eg har i lang tid vore på leiting etter ei vigsle i Amerika mellom ei enkje frå Våle og ein gut med røter frå Luster i Sogn - skal ha finne stad kring 1928, Manuskriptet mitt syner huslyden meir i detalj: ~~~~~~~~~~~~~~~ Albert Haugen, f. i Buffalo Co., Wis. 4.2.1892, d. i Washburn Co., Wis. 23.7.1976. Han gifte seg kring 1928, ¤¤¤¤¤ (date and place of his marriage? – about 1928! – her dau: Solveig Kristine – Sylvia (Mrs.Hugo Carlson)) med enkja Maren Elise, kjend som Elise Olsdotter f. Grytemark, opphavleg frå Grytemark i Våle, Vestfold. Ho var dotter av gardbrukar Ole Sørenson på Grytemark og kona Karen Marie Jacobsdotter frå Haslum i Sannidal (Kragerø) og f. i Våle 6.10.1889, men gifte seg første gongen i Våle 5.7.1913 med Ole Olson Haugen frå Skjerpinghaugen, Skjerping på Ål. Han var son av gardbrukar Ole Thomasson på Skjerpinghaugen, Skjerping, opphavleg frå Bergahagen under Reiersgard, og kona Sissel Olsdotter frå Bakke og f. på Ål 11.11.1891. Ole Haugen var målarsvein, og han og Elise busette seg i Tønsberg der Ole d. alt 7.11.1918. Under namnet Elsie Haugen utvandra enkja i 1922 til Amerika, og ho d. i Washburn Co., Wis. 9.1.1949. Albert og Elsie tok over heimefarmen hans i Barronett township, Washburn Co., Wis., men fekk ikkje born i lag. Derimot hadde Elsie ei dotter frå første ekteskapet sitt. ~~~~~~~~~~~~~~~~ Her Albert og Elise i FT1930 for Barronett, Washburn Co., WI som syner brudgomen på 35 år gift i ein alder av 33 år: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R82-58B Her er dei same stad i FT1940: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9M1-69DW Kan nokon hjelpa meg finna denne vigsli, eventuelt gjennom obituaries eller newspaper announcement? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive