Ole Marcusson (1770-1803) og kona Britha Gjertsdotter (1764-1803) var gardbrukarar på Valeberg, Kaupanger i Sogndal, men døydde brått i 1803 og vart gravlagde same dag! Dei let etter seg fire born, og det yngste av dei var:
Marcus Olson, døypt i Sogndal 3.4.1801. Om han heiter det at han vart oppalen hjå farbroren Endre Marcusson i Bergen og der gjekk i bøkkarlære. I 1830 vart han far til eit «uekte» barn i Gaupne, Luster:
* Jens Marcusson, f. 10.4.1830: https://media.digitalarkivet.no/view/11591/59
Men so finn eg denne vigsli i Lenvik i 1827 (utan dato) for Marcus Olson Valberg frå Bergen (25) med Gunhild Absalonsdotter Berg (24): https://media.digitalarkivet.no/view/9685/112
Vart kan henda denne vigsli aldri «fullbyrda»? Han var jo ungkar i 1830! Eller kva skjedde?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om Marcus og eventuell ektefelle!