Ein annan emigrant som eg i mange år har hatt vanskar med å identifisera, er denne:
Halvor Olson Vangen, fødd i Skjåk 17.9.1865: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000000917827
Han var son av husmann Ole Johannesson på Tårud og kona Guro Hansdotter. Her er huslyden i FT1865:
https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0513&kenr=003&bnr=0029&lnr=00
Ifølgje vigselsattesten hans frå Eau Claire, WI heite faren «Vangeige»: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRT5-7SB
og i 1865 er denne Tårud-plassen under garden Vange nedre i Skjåk!
Halvor skal ha utvandra til Amerika i 1883.
Er det mogeleg å få lite vetta hjelp til å få svar på desse spørsmåli:
** På kva gard/plass i Skjåk var Ole Johannesson fødd/oppvaksen?
** På kva gard/plass i Lom var Guro Hansdotter fødd/oppvaksi?
** Kva år utvandra Halvor Olson Vangen til Amerika?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!