Peder Klingenberg Pederson Vetti var fødd på Vetti i Øvre Årdal 26.8.1914, yngst av i alt sju born fødde til Peder Olson Vetti (døydde 30.10.1959) og kona Severina (døydde 6.6.1959).
Han arbeidde på verket i Øvre Årdal etter det vart òpna sist på 1940-talet og budde ugift i Øvre Årdal. Men ikkje finn eg han i DIS-Noreg sin gravferdsbase eller i dødsfallslista i kyrkjebøkene for Årdal fram til 1960. Han er heller ikkje i den nye dødsfallsbasen for 1951-2014. So då skjønnar ikkje eg...
Er det nokon som kan hjelpa meg finna dødsdatoen og dødsstaden hans? Kanskje gjennom ei dødsannonse?
Eller kan dødsannonser for desse søskeni hjelpa oss vidare:
* Olai Pederson Vetti, fødd 1912, døydde ugift (Øvre Årdal?) 2.2.1981
* Inga Pedersdotter Vetti Midtun, fødd 1908, døydde som enkje (Øvre Årdal?) 5.7.1986
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!