Eg har i mange år freista finna det norske opphavet til denne personen, som eg med dagens hjelpemidel vonar å finna:
Erik Johnson VIKENES - i Amerika kjend som Erick Johnson- er oppgjeven fødd i Noreg 15.5.1872.
Han gifte seg i Portland, OR 18.8.1909 med Rikka Ness, fødd i Goodhue Co., MN 22.12.1875. Dei busette seg i Eugene, Lane Co., OR der Erick døydde 23.1.1971
Kan nokon hjelpa meg finna ut av:
* Fullt norsk namn?
* Dato og stad for fødsli hans?
* Utvandringsåret hans?
* Fulle namn på foreldri hans med yrke og bustad?
* Kvar var faren fødd/oppvaksen?
* Kvar var mori fødd/oppvaksi?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!