Ole E. Falck, fødd i Sogndal 2.7.1856, utvandra til Amerika i 1866 og gifte seg i Cannon Falls, Goodhue Co., MN 23.6.1885 med:
Frederikke Louise YOUNGBERG, til dagleg kjend som Louise
Ho skal vera fødd i Sverige 9.8.1861, men utvandra til Amerika med foreldri sine kring 1868.
Frå Amerika vert foreldri hennar oppgjevne som:
Peter B. Youngberg, fødd i Sverige 8.5.1828, og Christine Branfelt, fødd i Sverige 25.4.1834. Desse skal ha gift seg i Sverige i 1852 og fekk desse borni fødde i Sverige:
* Amelia, fødd 26.10.1854
* Agnes J., fødd ?.8.1856
* Caroline, fødd ?.8.1859
* Frederikke Louise, fødd 9.81861
* Mathilde, fødd ?.9.1863
* Alfred, fødd 1866
Til tross for mange family trees på ancestry.com er det INGEN som veit KVAR I SVERIGE denne huslyden kom ifrå, so no spør eg i Brukarforum:
** Kan nøyaktig fødestad i Sverige finnast for Frederikke Louise Youngberg, f. 9.8.1861?
** Utvandringsåret 1868?
** Fulle namn på foreldri Peter og Christine samt yrke, bustad og opphavi til båe?
Ei anna utfordring gjeld dødsfallet til Louise Falck. Mannen Ole Falck døydde i Cannon Falls, MN 31.10.1926. Denne dødsattesten finn me i MN, men dei påstår, mellom anna på Find-a-Grave, at Louise Falck døydde same staden i 1937: https://www.findagrave.com/memorial/91939344
Family trees oppgjev dødsdato 1.3.1937, men denne dødsattesten finn eg IKKJE i Minnesota.
** Kvar kan Louise Youngberg Falck vera avlidi? Kanskje finst det ein obituary for ho?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!