Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#14234] Ole Wilhelm Henriksen og Christina Olsdtr på Raften i Hadsel - huslyden deira?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Christina (Marie) Olsdotter, fødd på garden Kjos i Hafslo (Luster) i Sogn 23.2.1826, skreiv seg Sjøthun då ho i 1846 flytte til Nordland. Ho gifte seg i Hadsel 29.10.1863 med Ole Wilhelm Henrikson frå Tenstrand i Hadsel, visstnok fødd i Hadsel kring 1820 (mellom 1817 og 1822). Ole og Christina busette seg på Raftstrand under Raften i Hadsel der Ole livnærte seg som husmann og fiskar. Dei levde framleis i 1900, men var då flytte som kårfolk til Levik (Brakset) i Hadsel.So vidt eg kan sjå, fekk Christina seks born:1. ?Maria Henriksdotter, fødd i Borge kring 1849/1851, vart gift med Even Rønning frå Bødal i Gudbrandsdalen (fødd 1850) og budde i 1900 på Levik (Brakset) i Hadsel der Even var husmann og fiskar. Tre born er nemnde:a) Schjalotte Evensen, fødd Hadsel 1883b) Karlot Evensen, fødd Hadsel 1886c) Erling Evensen, fødd Hadsel 18892. Christian Martin Simon Aronsen, son av Christina og Aron Arctander Peterson frå Ofoten, var fødd i Hadsel 3.11.1858, nemnd i 1865 som Kristian Aaronsen og i 1875 som Kristian Olsen – seinare lagnad er ukjend.3. Aletta Olsdotter, fødd i Hadsel 1861, vart truleg gift (andre gongen?) kring 1894 med gardbrukar og fiskar Matias Bonsak Johnsen, fødd i Hadsel 1849. Dei budde 1900 på Strømfjordvik (Sildvik) i Hadsel og hadde mellom anna desse borni:a) Anna Dalseng, dotter hennar, fødd Hadsel 1886b) Magda Matiassen, fødd Hadsel 1895c) Eivind Matiassen, fødd Hadsel 1897d) Margitte Matiassen, fødd Hadsel 1.5.18994. Ole J. E. Olsen, fødd i Hadsel 1864, nemnd i 1865, men ikkje i 1875 - ukjend lagnad.5. Bertha Olsdotter, fødd i Hadsel 1867, nemnd i 1875 - ukjend lagnad.6. Kristina Olsdotter, fødd i Hadsel 1869, gifte seg med ein Simon Olsen, fødd i Hadsel 1866. Simon var skomakar, men han og Kristina tok over heimeplassen hennar på Raftstrand unbder Raften i Hadsel der Simon sidan var husmann og fiskar. Desse borni er nemnde i 1900:a) Ella Olsen, fødd Hadsel 1891b) Ole Kristoffer Olsen, fødd Hadsel 1892c) Sigfred Olsen, fødd Hadsel 1893d) Hartvig Olsen, fødd Hadsel 1896e) Helene Olsen, fødd Hadsel 1897f) Hilmar Olsen, fødd Hadsel 30.5.1900Eg er interessert i opplysningar om:* Opphavet til Ole Wilhelm Henrikson?* Endeleg lagnad (dødsfalli) til Ole Wilhelm Henrikson og kona Christina Olsdotter?* Opphavet til Maria Henriksdotter, som eg trur må vera eldste barnet til Christina Olsdotter?* Fleire opplysningar om borni til Christina, særleg dei som ''forsvinn'', Christian Aronsen, Ole Olsen og Bertha Olsdotter?Om nokon kan hjelpa meg, ville eg setja stor pris på det! På førehand hjarteleg takk!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Etter mykje leiting under ei flyktig vitjing på Riksarkivet har eg lukkast i å finna litt fleire opplysningar om denne huslyden:Ole Wilhelm Henriksen var son av gardbrukar Henrik Erikson på Tendstrand i Hadsel og kona Aletta Bergitte Larsdotter frå Brottøy. Ole Wilhelm må vera fødd i eller kring 1820, men datoen har eg ikkje funne!Dorothea Marie, kjend som Marie Henriksen, eldste dotteri til Christina (Marie) Olsdotter, var fødd i Borge 20.8.1851. Far hennar var ein arbeidar Henrik Eliasson Valle, som elles er heilt ukjend. Mannen hennar, Even Rønning, var truleg fødd i Gausdal der både Bødal og Rønning finst som grendenamn/gardsnamn.Men framleis vantar eg fleire opplysningar om lagnaden til denne huslyden i Hadsel, dødsdatoar og lagnadane til Christina sine born m.m. Er det nokon som har tilgjenge til kjelder frå Hadsel eller som kan bidra med andre råd og vink?Eg takkar so mykje på førehand for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.