Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#14403] Jens Pederson Lommeim, f.1788 - haugianar frå Hafslo til Ørskog/Ålesund -lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Jens Pederson Lommeim, fødd på garden Lommeim i Hafslo (Luster) og døypt 5.11.1788, gifte seg i Bergen 5.9.1824 med Sølvi Caroline, visstnok kjend som Caroline, Aamundsdotter, fødd på garden Aure i Ørskog og døypt der 18.7.1790. Jens arbeidde nokre år som sjauar i Bergen, men kring 1829 flytte parfolket til heimbygdi hennar Ørskog. Dei kan sidan vera farne vidare til Ålesund, men ser båe ut til å vera avlidne før 1865. Dei høyrde til haugianarrørsli.Me kjenner til tre born (døtrer) etter dei:* Gjertrud Helene Jensdotter, fødd i Bergen 30.9.1824, flytte attende til Bergen der ho døydde 31.12.1906. Ho var gift i Bergen 19.10.1851 med reipslagar og handelsborgar Knut Jørgen Svendsen, fødd i Bergen 3.9.1826. Han døydde i Bergen 18.10.1888. Dei fekk åtte born i lag.* Anna Pernille Jensdotter, fødd i Hafslo(!) 21.6.1827, gifte seg i Borgund (Sunnmøre) 26.1.1859 med John Colbein, kjend som Colbein, Lassesen, fødd på Gyttereide i Innvik, Nordfjord 26.1.1835. Colbein Lassesen var bøkkermeister og bryggearbeidar i Ålesund der han og Anna framleis budde i 1900. Dei ser ut til å ha vore barnlause(?).* Petrine Caroline Jensdotter, fødd i Ørskog 24.2.1830, gifte seg i Ørskog 20.5.1861 med Martin Paulsen, som i 1865 vert oppgjeven fødd i 'Christiania Aalesund' 1821. Eg finn Martin og Petrine i 1865 busette på Finnesværk i Skogn der Martin er kalla ''teglbrænder med jord''. Kva som skjedde med Martin, veit eg ikkje. Dei er ikkje i Skogn i 1875, men i 1900 er Petrine Poulsen som enkje busett hjå søsteri Anna Lassesen i Ålesund og oppgjevi vera ''fattigunderstøttet fra Levanger''! Eg kjenner til fire born; to av dei (Jonette Marie Laura, fødd i Sykkulven sokn, Ørskog 1861 og Johan Martin, fødd i Skogn 1866) var i 1875 pleieborn hjå Anna Lassesen i Ålesund, medan dei to andre (Carl Edvard, fødd i Ørskog 1856 og Paul Julius, fødd i Skogn 1863) berre er fundne i FT 1865 i lag med foreldri.Eg er på ''jakt'' etter:-- Dødsdatoar (og -stader) for Jens og Sølvi Caroline, anten i Ørskog eller i Ålesund?-- Dødsdatoar for Anna og Colbein Lassesen, rimelegvis i Ålesund?-- Fleire opplysningar om Petrine Paulsen og mannen hennar, frå Ålesund og/eller Skogn/Levanger?Eg vonar at nokon med lokalkunnskap frå desse områdi kan hjelpa meg og takkar so mykje på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Elin Skibenes

Lurer på om dette er rett Petrine i 1875:Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Jens Pedersen Lommen opptrer som skattytar i Ålesund første gangen 1833. Han er kalt murarsvein, seinare murmeister. Huslyden budde i Kippervika, like ved Buholmen. Jens Pedersen svarte tiende ut året 1839, då han enten er reist eller daud.1832 døypte Jens Pedersen datra Jørgine Marta Birgitte. Ukjent lagnad.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Elin og Bjørn for nyttige og interessante opplysningar!Det er ikkje mykje tvil om at det er den ''rette'' Petrine Paulsen som i 1875 var attekomi til Ålesund frå Skogn. Sonen var fødd i Alstahaug sokn i Skogn prestegjeld. Elles er det underleg at både i 1865 og i 1875 vert Petrine nemnd fødd i Ålesund, medan ho i 1900 vert oppgjevi fødd i Ørskog, som òg tykkjest vera det rette; i alle fall vart ho døypt i Ørskog!Når eg so les at Jens Pederson Lommeim i 1832 døypte ei dotter i Ålesund og sidan betalte skatt der i byen fram til 1839, so forstår eg at spørsmålet om fødestaden til Petrine kan ha vore gjenstand for ''diskusjon''. Men, ikkje desto mindre, so stod bryllaupet mellom Petrine og Martin Paulsen nettopp i Ørskog, so då er det eit spørsmål om ikkje Jens og kona Sølvi Caroline òg flytte attende dit?Kan du, Bjørn, forresten skaffa meg ein nøyaktig fødselsdato for Jørgine Marta Birgitte i 1832?Elles vonar eg at fleire opplysningar kan dukka opp om denne huslyden, slik som dødsdatoane til Jens, Sølvi Caroline, Anna Pernille, Petrine Caroline m/fl, og ogso lagnaden til den yngste dotteri Jørgine Marta Birgitte er av stor interesse! Eg takkar nok ein gong for framifrå hjelp! Korleis skulle ein kunna klara seg utan dette Brukarforumet?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Jørgine Marta Birgitte er fødd i november 1832, men fødedagen er uviss ('02??')etter avskrifta i databasen over døypte i Borgund 1816-1900.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Ellingsen

Kirkeboka for Ålesund:Ane Pernelle Lassesen, f. 1827 i Hafslo i Sogn, døydde 4/11 og vart gravlagd 10/11 1909. Bøkker Kolben Lassesen, f. 1836 i Indvigen, døydde 8/11 og vart gravlagd 14/11 1916.Elles fann eg under leitinga følgjande:Enkemann og bryggemann Klaus Johannesen, f. 1833 i (Lærdal) Hafslo, død 8/10 1903. Enkemand og smed Iver Olsen Flom, f. 1827 i Hafslo, død 15/12 og gravlagd 20/12 1909. Gift arbeider Anders Andersen, f. 1842 i Lyster, død 28/10 og gravlagd 3/11 1914. Enke Karen Bakken, f. 1828 i Lyster, død 8/2 og gravlagd 15/2 1917.Med helsing frå Gunnar Ellingsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Ellingsen

1. Jens Pedersen Lommeim og Sølvi Caroline Aamundsdatter Aure:Finst tilsynelatande verken i innflyttingslister eller i gravferdslister i kyrkjebøkene til Ørskog prestegjeld m/Sykkylven annekssokn. I Gardsoge for Sykkylven,bd. 1 s. 407 står det rett nok at 'Sylveig Caroline g.m. Jens Petter Laameie i Sogn, opph. i 1828 hjå Lars Carl Aure'. Sistnemnde var bror hennar, og dei var frå Kapralgarden (br. 9) på Aure. Eg har også brukt ein god del tid på kyrkjebøkene for Borgund utan å finne nemnande spor i innflyttingslister e.l..2. Verken Gjertrud Helene, Anna Pernille, Petrine Caroline eller den yngste systera Jørgine Marta Birgitte står i konfirmasjonslistene for Ørskog og Sykkylven.3. Kyrkjeboka for Sykkylven anneks syner at Petrine Caroline vart døypt 7. mars 1830.4. Kyrkjeboka, som ikkje alltid skil mellom hovudsoknet Ørskog og annekssoknet Sykkylven, fortel at Martin Poulsen - 46 år, frå Asker, men med Aure i Sykkylven som oppholdsstad - gifta seg 20. mai 1861 med den 31 år gamle Petrine Caroline som var fødd i Sykkylven. Fedrene vart innførte som Poul Olsen og Jens Lommem.5. Jonette Marta Laura vart fødd 18. januar og døypt 14. april 1861 i Sykkylven.6. Carl Edvard vart fødd 13. desember 1856 og døypt 18. januar 1857 i Ørskog (Sykkylven?).7. Johan Martin vart fødd 14. august og døypt 14. oktober 1866 i SkognHelsing Gunnar Ellingsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til deg, Gunnar, for fleire interessante innspel under dette tema frå i vår, medan eg var bortreist, og likeins takk for e-post som kom i ettertid.Eg kunne ha skrive deg direkte, men eg trur temaet kan ha interesse for fleire, og framleis sit me att med fleire uløyste spørsmål.Eg har stor sans for det du nemner i e-posten din om at Martin Paulsen truleg kom til Sykkulven som teglverksstyrar kring 1854, og det er rimeleg å tru at det var svigerfaren Jens Pederson Lommeim som på den tidi åtte teglverket. Dette var nok forretningsverksemd igangsett eller i alle fall drivi i ''Haugiansk ånd''! Kanskje var det Jens sjølv som hadde drive teglverket før Martin tok over?Me sit likevel att med nokre spørsmål som det ikkje er so godt å finna svar på:* Kva lagnad fekk Jens Pederson Lommeim og kona Sølvi Caroline Aamundsdotter (Aure)?* Og kvar vart det av den yngste dotteri Jørgine Martha Birgitte?Det faktum at ingen av dei fire døtrene er konfirmerte i Sykkulven eller Ørskog, og ingen av foreldri er avlidne korkje der eller i Borgund/Ålesund, synes vera prov gode nok på at dei må ha hatt bustaden deira ein annan stad, men KVAR? Kanskje busette dei seg i eitt av dei andre små prestegjeldi utanfor Ålesund ein eller annan stad på Sunnmøre? Det hadde likevel vore kjekt å visst om nokon av jentene vart konfirmerte i Borgund eller Ålesund...!?* So har me òg eit spørsmål om Martin Paulsen, svigersonen. Alderen hans ved vigsli tyder på at han er fødd kring 1815. Eg veit ikkje om LDS kjeldene er heilt å stola på, men der finn eg i alle fall ein Martin Paulson, fødd i Asker 6.3.1815 som son av Paul Olson og Martha Bentsdotter. Kan det vera han?* Me vantar ogso opplysningar om dødsfallet til Martin Paulsen, men den opplysningi lyt me vel søka etter i Skogn!? Derimot bør dødsfallet til Petrine kunna finnast i Ålesund etter 1900...?* Elles er eg òg interessert i litt fleire opplysningar om foreldri til Sølvi Caroline Aamundsdotter. Namni deira var Aamund Hansson og Eli Jespersdotter. Fortel bygdeboki frå Sykkulven (under garden Aure) noko om kvar Aamund og Eli kom ifrå?Til sist vil eg gjerne få nemna at Karen Bakken, oppgjevi fødd i Lyster 1828, i røyndi var fødd i Borgund i 1832, men foreldri hennar var flytte dit frå Jostedalen som no er ein del av Luster. Ivar Olson Flom var fødd i 1827, men ikkje i Hafslo. Han budde 1900 utanfor Bergen og vert då sagt å vera fødd i Aurland i Sogn. Anders Andersen er eg i farti ikkje i stand til å lokalisera; eg trur ikkje han var frå Lyster i det heile... Derimot var dødsdatoen til Claus Johannessen ei nyttig opplysning for tema #11813!Nok ein gong, hjarteleg takk for god hjelp so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Ellingsen

Petrine Karoline Paulsen, f. 1830 i Søkelven, døydde av hjartesvikt/alderdom i Ålesund 4. januar 1908.Foreldra til Sølvi Caroline Aamundsdotter ( i bygdeboka for Sykkylven står det Sylveig) var:Amund Hansen Aure (1746-1814) frå Kapralgarden (br. 9) på Aure i Sykkylven og kona Eli Jespersdotter Klokk (1752-1821) frå Klokk i Ørskog. Dei gifta seg i 1779 og hadde 5 born, og Sølvi Caroline var yngst av dei.Besteforeldra til Sølvi Caroline (om det har noko interesse):1. Hans Andersen Sæter Aure (ca. 1688-1751) og andrekona Sylveig Stensdotter Straumgjerde (ca. 1719-1783) frå Sykkylven. Dei gifta seg i 1743 og budde i Kapralgarden på Aure. 2. Jesper Olsen Klokk (ca 1699-1752) og andrekona Eli Andersdotter (ca. 1706-1789). Dei gifta seg i 1739 og budde på Klokk.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Lars, skriv du Sykkulven ein gong til, trur eg at eg må gje deg tilsnakk ;-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Nok ein gong hjarteleg takk til deg, Gunnar, for gode tilleggsopplysningar om denne huslyden. So er i alle fall nokre av dei attverande spørsmåli ''eliminerte''!Ogso takk til deg, Aase, for korreksjon av stadnamnet Sykkylven. Det er ikkje alltid so godt for oss sogningar å halda styr på ulike lokale namneformer utanfor eige område...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Etter fleire år i ''kvilemodus'' ønskjer eg i kveld å blåsa litt støv av dette problemet, der vesentlege delar framleis er uløyste:* Murmeister Jens Pederson Lommeim, fødd 1788, budde i Ålesund til kring 1839, men forsvinn! Kan henda flytte han til Sykkylven, Ørskog, men dødsfallet hans har ikkje vore å finna nokon stad. Det same gjeld for kona (Sølvi) Caroline Amundsdotter... Den einaste staden eg kan tenkja meg at dei kan vera farne, er til Skogn i Nord-Trøndelag, der dotteri Petrine var gift og budde i mange år. MEN, kyrkjebøkene for Skogn for den aktuelle perioden er ikkje enno skanna...* Den yngste dotteri i denne huslyden, Jørgine Martha Birgitte, fødd i Ålesund 1.11.1832, er likeins eit ''mysterium''. Kvar kan ho ha gjort av seg?* Når det gjeld opphavet til svigersonen Martin Paulsen, so vil eg ta dette opp i eige tema, men dødsfasllet hans (Skogn mellom 1866 og 1875?) vil eg gjerne nemna her, om nokon har tilgjenge til dei kyrkjebøkene...?Eg vonar det er mogeleg å finna svar på nokre av desse attverande spørsmåli mine, og eg takka nok ein gong på det varmaste for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyame

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg er svært takksam for dei mange nye kjeldene som er komne til sidan dette problemet sist vart ''lufta'' for tre år sidan. Databasane fpor Ålesund og Borgund har avslørt dødsfalli til Jens, Caroline pog yngste dotteri Jørgine, medan dei skanna kyrkjebøkene for Skogn har gjeve meg ein dødsdato for Martin Paulson.Problemet er soleis heilt løyst! All honnør til Sulasoga, DIS Møre og Romsdal samt til Arkivverket!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.