Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Arne Solli

[#14497] Hans Clausen, Bergen og Stryn ca. 1580

Recommended Posts

Gjest Arne Solli

Hans Clausen/Klausen ”borger vdj Bergen” er nemd i ei sak på lagtinget i Bergen i 1579. Han var då fullmegtig for sin ”hustrues fader”. Saka gjeld odelsretten til Hauge og Helset i Sunnylven på Sunnmøre og Hans Klausen var ein av partane i saka saman med Klemmet Ols. Flo i Stryn. Dette tyder på at Hans Klausens ”hustrues fader” også var frå Nordfjord. I skiftet etter Anders Torgilsson, Ytre-Eide i Stryn (1585), var ei av ”frilledøtrene”, Beritte Torgilsd., gift med ein Hans Clausen. Sidan soneson til Anders Torgilsson kring 1610/1640 arva ein part i Helset er det all grunn til å tru at Hans Clausen og Hans Klausen borger vdj Bergen var ein og same person.Kjenner nokon til etterslekta til Hans Clausen ”borger vdj Bergen” og Beritte Torgilsd. Ytre-Eide. Det er rimeleg å tru at begge var fødde kring 1540, men det er uvisst kvar dei budde.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Hei Arne. Eg finn ingen Hans Claussen i Bergens Borgerbog før 1600 (men dette treng ikkje tyde at din HC ikkje var borgar), heller ikkje i Absalon Pederson si dagbok, ikkje i Rådhusprotokollane 1592-94 og ikkje i prosessen mot Anne Pedersdatter 1590. Ein Hans Claussen, tydeligvis borgar, er derimot nemnt på Sunnmøre 1606-07, då han måtte bøte 15 daler for 'Horerj medt hanns egen Thennest Pige Marette Botolsdatter'; for 'hanns fattigdombs schyld' blei bota ikkje større enn 15 daler. Denne Hans Clausen budde på 'Herøebierig', Herøyberget, eller garden Herøy i Herøy. Denne HC ser ut til å vere lik borgaren Hans Danell (borgarskap 1601), som er nemnt samme året og med bustaden 'Herøø' nokre år seinare (denne borgaren etterlet seg enka Anne). Det kan også vere tale om to personar, og då er det tenkelig at Hans Claussen har flytta fra Nordfjord til Sunnmøre.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Solli

Hans Clausen i Herøy er ein kandidat, men kan Hans Clausen ha teke borgarskap to gonger? Først ein gong før 1579, deretter i 1601?Det er og nemnd ein Hans Clausen i Marifjøra i Luster i perioden 1636-1660 (Handelsmann, sag-eigar), jfr. http://home.c2i.net/kvitrud/Arne/luster1600.htmEr det nokon som kjenner til opphavet til HC i Marifjøra?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Hans Claussen nemnt 1579 var titulert som borgar av Bergen. Når han ikkje er er nemnt i borgarboka, må det vere fordi han var innført i ei eldre borgarbok, som ikkje finst lenger. Denne mannen kan godt ha levd enno 1606-07 og budd på Sunnmøre. Problemet er at han ser ut til å vere lik borgaren Hans Danell, men sidan Danell aldri er nemnt med farsnamn er det ikkje umulig at det kan dreie seg om to personar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Kvien

Kan det tenkes at denne Hans er sønn til Sofie Andersdtr. Ytre Eide og Claus Siurdsen Glomnes? Sofie og Claus er nevnt i en arvesak om Glomnes i 1650. Claus var død før 1618 i følge Aaland.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.