Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Harald Jarl Runde

[#15013] Vevring jordmordistrikt - jordmødrer i Vevring

Recommended Posts

Gjest Harald Jarl Runde

Kvar kan eg finne opplysningar om Vevring jordmordistrikt, oppretta 17-11-1885? Når vart distriktet lagt ned og kven var jordmødrer til kva tid? Eg har funne Hanna Vorland gift Vefring i tidsrommet frå og med 1902 til 1936 eller 1940. Sidan var det Helga Lovisa Falkenstein gift Kristiansen, men veit ikkje når ho praktiserte.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Opplysningar om jordmødrene kan ein finne m.a. i dei trykte Fylkestingsforhandlingane. For Sogn og Fjordane sin del t.d. i forhandlingane frå 1905, side 112-119, der alle jordmødrene i offentlege stillingar i amtet er lista opp med tilvising til opprettingsdato for distriktet, namn, fødselsår og -dato, dato for tilsetting, årleg løn m.m.Her ser vi at Hanna Vefring, fødd Vorland, var fødd 19. juni 1869, og tilsett i Vevring jordmordistrikt 11. april 1902 med årleg løn kr. 200. Det står at ho hadde vore konstituert der frå 6. januar 1902.Før Hanna Vefring var Anne Markusdtr Aarsæt tilsett, frå 1. januar 1886, Marthine Karlsdtr Saugestad vart tilsett 13. april 1891, Martha Jensdtr Lysne vart tilsett 3. desember 1891, Johanne Bergitte Humledal vart tilsett 3. juni 1893, og sa opp stillinga frå utgangen av 1901.Arkivet etter fylkesmannen i Sogn og Fjordane (i Statsarkivet i Bergen opp til rundt 1980) er det protokollar over jordmødre 1818-1956, og korrespondanse om tilhøva i dei ulike distrikta. Vevring er å finne i boks VIII.A.b.8.I protokollen ser vi at Hanna Vefring sat til ho nådde aldersgrensa i 1934, og at Aasta Sætre, fødd 1. juli 1907, vart tilsett ved konstitusjon 1. oktober 1934. Ho gjekk ut i permisjon i 1935, og sa opp stillinga frå 1. oktober 1938.Signe Rikheim, gift Hegrenes, fødd 12. juli 1911, fungerte i permisjonstida til forgjengaren, frå 1. oktober 1935, vart tilsett frå 1. oktober 1938, vart tilsett i Lærdal 1. desember 1942, men kom attende til Vefring frå 1. desember 1944.1. juli 1953 vart Stavang jordmordistrikt lagt til Vevring. Det skjedde etter pålegg i departementalt brev datert 4. mars 1953.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Jarl Runde

Takkar for fyldig utgreiing frå Yngve Nedrebø!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.