Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Signe Marie Solheim

[#15253] Hesteskjærer, kjeleflikker, kludehandler

Recommended Posts

Gjest Signe Marie Solheim

Når det står sånne ting som yrke, kan man da gå ut fra at vedkommende var tater?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Are S. Gustavsen

Bare hvis dette er et yrke (eller yrker) som utelukkende kan knyttes til denne sosio-etniske gruppen. Og skal det kunne godtgjøres må vel noen ha skrevet et vitenskaplig arbeid som behandler problemstillingen.mvh Are

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Signe Marie Solheim

Takk for svar. Ja, jeg har lest Thor Gotaas sin bok om taterne. Men det er visst bare sikkert den andre veien: at taterne ofte hadde disse yrkene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars G. Hukkelaas

Dette synes jeg var en noe spesiel problemstilling. Det var vel fastboende rundt i bygdene som også hadde disse 'yrkene' Lars.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon Torp

Når det står hesteskjærer, kjeleflikker, kludehandler som yrke så ville jeg så absolutt holdt muligheten vidåpen for at det var reisende folk det var snakk om! Ville forsøkt å søke videre i andre kilder for å få arbeidsteorien bekreftet/avkreftet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Ja. Dei reisande reiste ikkje fordi dei likte å reise, men fordi bondesamfunnet trong folk som kom årvisst for å utføre arbeid som bøndene ikkje hadde lært eller hadde utstyr til å gjøre sjølve. Dei aller viktigste arbeida av dette slaget var a) reparasjon av øydelagte kopparkjelar (kjeleflikking) og b) fortinning av ditto kjelar (slik at folk ikkje skulle døy av kopparforgifting). Mindre viktige arbeid var t.d hesteskjæring og klokkereparasjon.Dei reisande, taterane, var såleis først og fremst ei yrkesgruppe i det gamle samfunnet, ikkje ei 'etnisk' gruppe. Så lenge (dei viktige) arbeidsoppgavene deira sto ved lag, fikk dei også høvelig respekt og, jamvel, gode inntekter. Då dei blei 'overflødige' - i løpet av 1800-tallet - blei dei samtidig stigmatiserte og, etterkvart, også forfølgte, neppe av rasistiske grunnar, men kanskje først og fremst fordi dei ikkje var bufaste. Men kor skulle dei bu etter 400 års ambulerande teneste for det norske bondefolket? Og kunne dei finne bu noken stad i dette landet som då var overfolkesett? Og hadde dei 'kompetanse' til å bu slik folk budde då? Nei. Dei heldt fram med å reise, slik dei hadde gjort 'alltid', og dei var svært kreative når det gjaldt å finne på nye arbeidsoppgaver (t.d blikkslagararbeid). Det 'nye Norge' fann seg ikkje i dette, og sette ein effektiv bom for denne gruppa si sjølstendige utvikling (fratatt hestar og båtar, sette i leirar). Dermed blei ei yrkesgruppe til ei 'etnisk' gruppe.I dag er det ingen grunn til å tru at taterane hadde eit særskilt 'eksotisk' opphav, sjøl om dei - for dei bufaste bøndene - må ha vore opplevde som eksotiske då dei kom til gards éin gang om året; dei hadde fare vide og hadde nytt å fortelle... Og, endelig: Finn du ein 'tater' på 1600-1800-tallet, er det tale om (minst) ein 'kjeleflikkar', og finn du ein 'kjeleflikkar' omtalt i samme tidbolken, er det faktisk tale om ein 'tater'. Inga bondebygd var stor nok til å halde seg med eigen kjeleflikkar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Andreas Snildal

Dale skriver: 'I dag er det ingen grunn til å tru at taterane hadde eit særskilt 'eksotisk' opphav, ...'Mener du at de reisende eller 'taternes' angivelige opphav i Nord-India er bare tull?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Eg vil ikkje bruke ordet 'tull', for det er opplagt at ein del av dei første taterane var av utanlandsk opphav. Men gruppa fikk heile tida tilflyt av innanlandsfødde, slik at på 1700-tallet kan gruppa reknast som norsk, og som ei yrkesgruppe heller enn ei etnisk gruppe. Slik ser det i alle fall ut fra Sunnmøre.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Andreas Snildal

Ja, ordet 'tull' er alltid dumt å bruke i slike sammenhenger. Beklager.Men svaret var omtrent som jeg trodde. Det er vel nærliggende å tro at det samme gjelder for Sverige? På det svenske slektsdiskusjonsforumet 'Anbytarforum', http://genealogi.aland.net/discus har det under gruppen 'Etniska grupper' gått en del diskusjoner om nettopp opphavet til de reisende, hvor mange av deltakerne er reisende. Det virker som en del av de som deltar i diskusjonene ikke vil gå med på at det er et stort innslag av 'bondeblod' (om man kan bruke et slik ord) hos de reisende, og at det er skam forbundet med å ha en 'buro' blant anene sine.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sigbjørn Sandsmark

Elsa som reknes som stammor til Elsafolket er av tjukkeste bondeblod -fra Kvidingen i Lund komune Rogaland. Og slik er det vel med de fleste av reisende slekt at der er mest bondeblod. At Elsa slo seg sammen med en villfant av ukjent opprinnelse og som ble kalt Ole blodsuger kan jo ha tilført slekten ukjente gener.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Signe Marie Solheim

'Mine' hesteskjærarar fann eg i folketellinga av 1801. Dei ser då ut til å vera bufaste - både far og son er oppført med yrke 'hesteskjærar og kjeleflikkar'. Og dei bur på same adressa, som strandsittarar. Det var vel dei fattigaste som budde slik? Så eg tenker at dei har vore reisande, men har fått slå seg ned som strandsittarar, og heldt fram med sine yrke.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

1801 var det 12 hesteskjerar i Norge (søk på yrke 'stesk'), mellom disse 2 som også var kjeleflikkarar, nemlig 'dine', i Hetlevik. Om fleire av disse heiter det at dei var 'logerende' eller 'innerst', og dei andre var husmenn utan jord. Det ålmenne bildet er at dei var reisande, men at somme hadde eit vinterhus (t.d i Hetlevik, og som eg kjenner det fra Ysteneset i Ålesund).Dette materialet er likevel for lite til å seie noke bastant, i og med at dei fleste taterar vel ikkje blei registrerte med yrke. Dette gjeld i alle fall på Sunnmøre. I ft 1801 har eg likevel søkt på 'blik' og 'bber' for å finne folk med 'tateryrke' (blikkmakar og kopparsmed) og særlig mellom kopparsmedane o.l finn eg mange med taternamn (døme: Caspar, Reinholdt, Gideon, Hercules, Alexander)og mellombels opphaldsstad.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Neegaard

Litt på siden av det opprinnelige tema kanskje, men myndighetene klarte ikke helt å stoppe de reisende. For 25 år siden jobbet jeg som graver ved Nesodden kirke og fikk hver vår besøk av et omreisende steihugger-ektepar som hugget inn nye navn på gravsteinene. Dette hadde vært en fast ordning i mange, mange år og de var stolte av å tilhøre taterslekt. Begge var opprinnelig fra Nord-Møre, men bodde fast i nærheten av Drammen. Hele sommerhalvåret reiste de fra bygd til bygd for å utføre sitt yrke.Mvh Arne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Signe Marie Solheim

Takk, alle sammen. Ble litt klokere. Det der med vinterhus høres ganske sannsynlig ut, syns jeg. Og den siste historien bekrefter vel at sånn kunne det være. Takk igjen!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Om det er Olaus Halvorsen du jaktar på, så er det folket bufaste i Hetlevik, i alle høve om vinteren, gjennom ei årrekkje. Kor han kom ifrå, veit eg ikkje, men han var gift i Sund utan at det då står noko meir om han. Kona, derimot, har ved vigsla adresse Pirholmen. Sidan får dei ei rekkje born i Hetlevik som dei døyper i Strusshamn. Eg meiner òg det er ein son av dei vi seinare finn som husmann i Kollevåg.Eg har heile barneflokken (dei som vart døypte i Strusshamn) i mitt Askøy-register, om du er interessert.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Signe Marie Solheim

Ja, tusen takk! Det er eg svært interessert i! Sonen Svein Olaussen var min tipp-tipp oldefar. Han gifta seg med ei Ane Nilsdatter frå Haugland (men ho var fødd i Voss), og dei slo budde først i Skarholmen og slo seg sidan ned på Kråvik (Haugland). Kråvik vart seinare - heilt til våre dagar - kalla 'Sveinaland', for det vart sagt at Svein Olaussen var første mannen på Kråvik. Men ingen har visst heilt kor han kom frå. Og korleis han kom til å slå seg ned på Kråvik.Så eg vil gjerne vite alt du har om dei. Her er e-post adressa mi: sig-m@online.noVar det forresten Søre Hetlevik, på bysida det er snakk om, eller var det Nordre Hetlevik på Askøy?Mvh Signe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore Nordvik

Det er vel han Olaus Halvorsen som vart konfirmert i Årstad sokn Dominicia Qvasimodogeniti 1784 som 16 åring.Det er vel og rimeleg å tru at det er foreldra hans som er buande i same huset ved folketeljinga 1801, nemleg Halvor Pedersen og Elen Marie Christophersdtr. Men kvar kom dei ifrå?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Du skal få det eg har når eg får redigert det ferdig. Men eg ser eg har vore borti dei folka før. OH vert gift oppatt i 1830 med ei frå Jostedal. Då han døydde, 90 år gamal, står det at han var fødd på Røros i Trondheim stift.Om du gjev meg namnet på kven av Svein sine born og barneborn du er etter, kan du få meir.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arild Kompelien

Bjørn Jonson sier i innlegg 6 at taterne var respekterte inntil deres yrkesfunksjoner ble overflødige på 1800-tallet.Det kunne være artig å høre hvilket belegg du har for å si det, siden mitt inntrykk er det motsatte. Og hvordan skal man da forklare stodderkongene som hadde som oppgave å jage tatere og alle løse individer fra bygda? (Gjelder ihvertfall østlandet).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Oppdaga no eit spørsmål det ikkje er svart på: Det er snakk om Nordre Hetlevik. Under same gard i 1801 finn du nemleg ein merknad om at nokre budde i Marikoven, som den gongen høyrde til NH. Desse folka vart forresten seinare 'vener' med Gjest Bårdson og hysa han og Tine ved nokre høve.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Fantefølga var velkomne gjestar like til 1920-åra, er inntrykket mitt fra Sunnmøre. Ofte tok dei inn på samme gard år etter år. Eg kjenner eldre folk som enno kan fortelle om dette. 'Fant' på gammalnorsk tyder ellers 'bodbringar', og ein skal ikkje sjå vekk fra at taterane fikk dette namnet fordi dei nettopp fungerte både som eit 'massemedium' og som ei postteneste.Den første stodderfuten i Romsdals amt var tateren Alexander Peerson, ein svensk kopparsmed. Han har ei veldig etterslekt. Alexander si oppgave var neppe å jage alle slags folk som kom reisande, men å skille ut dei som kunne truge folk og eigedom. Og det gjorde taterane ikkje, i og med at dei hadde ei livsviktig oppgave i bondehushaldet. Fra 1700-tallet har vi døme på at fanteslekter kunne gå over i borgarstanden, og på at odelsjenter kom i ekteskap med fantar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Signe Marie Solheim

Til Tore Nordvik: Ja, jeg tror Halvor Pedersen var hans far, og Elen Christophersdatter hans mor. Og nå ser det ut som de kom fra Røros. (Jeg visste ikke om Olaus Halvorsen sin konfirmasjon, så Takk!)Til Bjørn Davidsen: Jeg er interessert i alle Sven Olaussen sine etterkommere. Men min tippoldefar var Sivert Svendsen. Min oldemor var Aseline Karine Sivertsdatter. Takk for opplysningar om Olaus Halvorsen! Så han var født på Røros. Det hjalp mye! Tusen takk!Jeg leste forøvrig Gjest Baardsen-boken med stor interesse. Tenkte faktisk på om det kunne ha noen berøring med disse folkene da jeg så at han av og til søkte tilflukt i Marikoven.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Mikkel Henriksen og kona i Marikoven var mellom dei som vart stilde for retten i 1826 som GB's 'medskuldige', men dei vart frikjende.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Du har mykje å hente i mitt register over askøy-folk, men eg lyt sjå nærare på det før eg sender deg ein sak. Eg meiner Kråvikja ligg nedom Hilleren, sørom Hauglandshella, nær Pollelvi? Er det rett? Har òg papir frå ei rettsak om noko der ute. Sjølv held eg til, når eg har høve til det, lengre vest av både 'hedlo' og Grønevikja - i Holsundet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Olav Gatland

Har med stor interesse følgt denne debatten,da min kone også har aner tilbake til Olavus og Halvor.Kråvika ligg der du mener. Barna til Svend har jeg fått fra deg tidligere men er svært intresert i denne rettsaka du nevner. Min kone har aner etter datteren Kari som fikk en sønn med Nils Steffensen (uekte)Nils døde ca:7 mnd. før deres sønn ble født.Kari ble senere gift med Johannes Andersen fra Trengereid.Mvh.Olav Gatland olav-gat@online.no

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.