Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#15521] Knut Paulson (f. ca. 1760) frå Hafslo til Bergen eller Askøy - lagnaden hans??

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Paul Knutson Ødegaard (1732-1802), strandsitjar i Solvorn i Hafslo, er oppskriven i ekstraskattmanntalet frå 1762 som ''heimkomen soldat''. Han var gift, men denne første kona hans er ukjend. Paul gifte seg att i Luster 20.5.1782 med Ragnhild Jensdotter Dalen (1753-1813).Skiftet frå 1802 syner at Paul hadde tre søner. Jens og Anders frå andre ekteskapet busette seg i København og i Drammen (Anders Paulson i Drammen tok namnet Thune og grunnla Thune Mek. verksted!)Men kvar vart det av sonen frå første ekteskap? Knut Paulson, truleg fødd kring 1760, vart i 1802 oppgjeven å vera busett i Bergen, og eg finn to alternativ:A. Knut Paulson, gift NK, Bergen 16.9.1787 med Gjertrud Knutsdotter – i 1801 vektar/dagarbeidar busett i 1-185 i Bergen, 56 år - i 1804: drager, 56 år, f. i Gulens skiprede – døydde visstnok som daglønnar Knut Paulsen, 60 år, 1.1.1810, då busett i 1-60 i Bergen. Knut og Gjertrud hadde desse borni:* Karen Elisabeth Knutsen, f. i Bergen 21.2.1788* Knut Knutsen, f. i Bergen 2.11.1790* Marthe Marie Knutsen, f. i Bergen 10.6.1794* Paul Knutsen, f. i Bergen 25.11.1797B. Knut Paulsen (Hetlevig), gift i Fana 30.6.1782 med Guri Torstensdotter Opstun. Dette paret finn me att i 1801 på Hetlevik, Askøy som 39 og 46 år gamle, ''bøxelmand og gaardbeboer lever tillige af søen''. Desse borni er nemnde:* Torsten Knudsen, 12 år* Olene Knudsdatter, 8 år* Abelone Knudsdatter, 5 årEr det nokon der ute som kan hjelpa meg identifisera den rette Knut Paulson? Eg har ein mistanke om det må vera den siste av dei to, men ''min'' Knut Paulson er tydeleg ikkje fødd i Hafslo, so kanskje Gulen er ein mogeleg fødestad...?Eg takkar so mykje på førehand for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Det syner seg at den første av desse to personane med namn Knut Paulson må vera døypt i Gulen 9.5.1755 som son av Paul og Kari Glavær i Gulen. Desse foreldri er truleg identiske med Paul Knutson og Kari Corneliusdotter som gifte seg i Gulen 11.3.1753.Då er me kanskje eit steg nærare ei løysing på denne gåta, men so er spørsmålet: Seier bygdeboki for Gulen (under Glavær) noko om denne huslyden som kan stadfesta opphavet til Paul?Eg takkar so mykje for alle gode tips om dette tema!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Sande

Disse navnene forekommer ikke under Glavær i bygdeboka for Gulen. En rask gjennomgang av øyane (med liten ø) rundt Glavær var også resultatløs. Navn som Paul, Knut eller Kornelius finnes ikke der i den aktuelle perioden.Mvh Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til deg, Terje, for at du har sjekka ut bygdeboki for Gulen. Det faktum at du ikkje fann nokon ting, styrker mistanken min om at eg kanskje er på rett spor. Eg har før erfart at altfor mange huslyder som berre var ''innom'' for ei kortare tid, diverre er uteletne frå bygdebøkene for Gulen.Nok ein gong hjarteleg takk for alle gode tips som kan oppklara dette problemet!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Her er dødsfallet for Knut P. i S. Hetlevik, Askøy:,1908,1830,Knut,Paulsen,,S.Hetlevig,,67 år,,s.av Paul Jacobsen Bjørndal

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Ein stor takk til deg, Bjørn, for at du har identifisert alternativ #2 for Knut Paulson. Om han er son av ein Paul Jacobson (Bjørndal), so kan han ikkje ha noko å gjera med Hafslo. Soleis står me att med det første alternativet, og oppdagingi av Paul Knutson og kona Kari med son Knut i Gulen taler nok etterkvart sterkt i den retningi!Hjarteleg takk for framifrå hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.