Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#15531] Hans Halvorson Dalberg, Volda og Synneva Lassesdotter Alme, Hafslo - til Askøy?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Hans Halvorson Dalberg, ifølgje 1801-teljingi son av gardbrukar Halvor Olson og kona Ragnhild Hansdotter på Dalberg i Volda og fødd i Volda kring 1785. Han budde 1819 på Sælen i Fana og gifte seg i Fana 12.4.1819 med:Synneva Lassesdotter Alme, døypt i Hafslo i Sogn 23.11.1794, dotter av Lasse Augundson Alme og kona Christenca Lassesdotter, flytte i ung alder til Askøy!FamilySearch syner to born:* Halvor Hansson, f. i Fana 13.5.1819.* Lars Olai Hansson, døypt på Askøy 19.4.1821.Kan nokon hjelpa meg med opplysningar om den seinare lagnaden til denne huslyden?Kan nokon skaffa fleire detaljar om opphavet til Hans Halvorson Dalberg, slik som nøyaktig fødsels- eller dåpsdato?På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Då Lars Olai vart døypt i Askøy, budde huslyden som husmannsfolk på Gyldenpris, på grensa mellom dåverande Laksevåg og Årstad, altså ikkje så langt frå Sælen som ligg i Fyllingsdalen. Meir veit eg førebels ikkje om dei.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Olav Myklebust

Hans Halvorson Dalberg vart døypt i Volda kyrkje 17.4.1785 Mvh Olav

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg ser at eg har gløymt å takka Bjørn og Olav for nyttige innlegg frå 2003, so det gjer eg no! Betre seint enn aldri!Etter at dette temaet vart drøfta for over 7 år sidan har eg sport opp eldste sonen Halvor; han flytte til Buksnes i Lofoten:~~~~~~~~~~Halvor Hansson, fødd i Fana 13.5.1819, døydde som legdelem på Kyllingdal i Buksnes 12.5.1888. Halvor flytte i ung alder til Buksnes der han 19.10.1860 gifte seg med Maren Anna Olava Andersdotter frå Leknes i Buksnes, fødd i Buksnes kring 1832. Ho døydde som enkje på Halsen, Kylingdal 3.11.1900. Halvor var fiskar, og han og Maren busette seg som gardbrukarar på Kyllingdalshalsen, Kyllingdal i Buksnes. Dei fekk sju born i lag.~~~~~~~~~~Bortsett ifrå dette er eg ikkje komen noko lenger med omsyn til foreldri eller sonen Lars Olai på alle desse åri, og sidan denne delen av manuskriptet mitt snart skal prentast, ville eg gjera ein siste innsats!Framleis er det altso eit stort mysterium kvar det vart av Hans Halvorson, kona Synneva og yngsteguten Lars Olai etter 1821. Dei vart nok neppe buande på Askøy, for ingen av gutane er konfirmerte der! Ein skal vel ikkje sjå bort ifrå at ogso dei andre medlemmane i denne huslyden KAN vera flytte nordover, men kvar skal me i so fall leita?Eg vonar at kanskje ein eller annan har ein ''glup'' idé om korleis desse kan sporast opp og takkar nok ein gong på det hjartelegaste for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.