Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Guest Lars E. Øyane

[#15805] Maren Rasmusdotter (1792-1856) på Straum i Bodø - kven var ho? - frå Dverberg?

Recommended Posts

Guest Lars E. Øyane

Terje Gulbrandsen skriv i bygdeboki si for Bodø om husmannen Ingebrigt Thomasson på Straum i Bodø (1794-1861), opphavleg frå Kroken i Luster, som i 1831 gifte seg med:Maren Rasmusdotter Straum, fødd kring 1792. Ho døydde på Straum 30.6.1856.Terje Gulbrandsen kjenner tydeleg ikkje opphavet til denne Maren, berre at Maren og Ingebrigt fekk ei dotter Anna Kirstine (f. 1833) (som eg finn att som gift til Ytterkleiv i Buksnes!).Eg har saumfart folketeljingi for Nordland for 1801, og det syner seg at me berre har eitt alternativ:* Maren Kirstine Rasmusdotter, 10 år (døypt i Dverberg 1.4.1790), dotter av gardbrukar Rasmus Andersson og kona Anne Martha Mensdotter på garden Buksnes i Kalvskinn sokn, Dverberg.Maren Rasmusdotter på Straum hadde dotteri Anna Kirstine. Mor til Ingebrigt Thomasson i Luster heitte Kirsti, so kan henda Anna-namnet kjem frå mori hennar?Er det nokon med lokale kunnskapar frå Dverberg og/eller Bodø som eventuelt kan stadfesta dette opphavet til Maren Rasmusdotter Straum?Eg takkar so mykje på førehand for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest John O. Svenning

Litt sent, men bedre enn aldri. Maren Kirstine giftet seg i Dverberg 1814. Jeg tror du skal se på Maren Rasmusdatter i Folden, 10 år 1801. mvh John

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.