Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#16178] Dissentarar frå Sogn i Tranøy/Målselv i 1850/1860-åri - var dei læstadianarar?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Minst to utflyttarar frå Sogn til Troms i 1850-åri dukker opp som dissentarar og er heller mangelfullt nemnde i kyrkjebøkene der oppe. Det var nettopp på denne tidi at læstadianismen tok til å breia seg ut i Troms, so det er fristande å tenkja seg ein samanhang her. Er det nokon som har synspunkt eller kunnskap om dette emnet? Førte læstiadarane eigne kyrkjebøker? Kvar er i so fall dei?Dei det gjeld, og som eg er interessert i fleire opplysningar om, er desse to:1) Augund Pederson Høgi, kjend som Agund Pedersen, opphavleg haugianar, var fødd i Hafslo (Luster) 6.1.1825 og flytte nordover i 1850. Han gifte seg første gongen i Tranøy (Sørreisa) 2.8.1857 med Karen Marie Anfindsdotter frå Furø i Tranøy, f. i Tranøy 16.1.1829. Karen døydde i 1864, og 19.11.1865 gifte Agund seg att i Tranøy med Nicoline Svendsdotter som visstnok var frå Langhaugen i Lenvik, men fødd i Ibestad hausten 1825 (døypt 4.12.1825). Huslyden budde nokre år på Bakkejord i Tranøy, men både Agund og Nicoline forsvinn sporlaust etter 1867. Derimot finn me att dei fleste borni etter Agund som fosterbarn hjå ulike naboar i Tranøy i 1875:* Sophia Amalie Agundsdotter, fødd i Tranøy (ikkje innført i kyrkjeboki!) 1859, var 1865 og 1875 fosterdotter på Blomli i Tranøy, seinare lagnad ukjend.* Peder Høg Agundson, fødd i Tranøy (heller ikkje innført i kyrkjeboki!) 1861, var 1865 fosterson på Bakkejord i Tranøy, seinare lagnad ukjend.* Anna Cathrine Agundsdotter, fødd i Tranøy 14.3.1864, var 1865 fosterdotter på Skøelvdal i Tranøy, seinare lagnad ukjend.* Karen Marie Agundsdotter, fødd i Tranøy 6.4.1867, innført i kyrkjeboki med merknad om at faren var dissentar, var 1875 fosterdotter på Bakkejord i Tranøy, seinare lagnad ukjend.2) Christen Olson Dahl, fødd i Sogndal 10.1.1823, men oppvaksen på Vikøyri i Vik der faren (frå Sogndal) var kopparsmed, medan mori (frå Hafslo) var jordamor, flytte òg nordover kring 1850. Han var gift ein første gong, men denne første kona veit me so langt ikkje noko om. Derimot gifte han seg att i Tromsø 27.11.1856 med Martha Marie Johannesdotter, visstnok fødd i Tromsø kring 1834(?). Christen og Martha Marie busette seg på Lundeborg i Målselv, men ser ut til å forsvinna derifrå tidleg i 1860-åri. To av borni vart vaksinerte i Vik i Sogn, men der ser me heller ikkje meir til denne huslyden. Kanskje utvandra dei til Amerika? Kjende born:* Anna Marie Christensdotter, fødd i Målselv 26.10.1855, ukjend lagnad.* Olufine Cecilie Christensdotter, fødd i Målselv 20.4.1860, det vert då sagt at foreldri var disentarar! Olufine vart vaksinert i Vik i Sogn i juni 1862, seinare lagnad ukjend.* Johannes Martinus Christenson, fødd våren 1863, uvisst kvar, vart vaksinert i Vik i Sogn i 1863, seinare lagnad ukjend.Alle opplysningare om desse to dissentarhuslydene vil vera svært veølkomne, og eg takkar so mykje på førehand for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Dei har nok neppe vore læstadianarar, for slike er etter det eg veit, svært statskyrkjetru. Derimot var der andre rørsler som gjekk ut or statskyrkja på den tida, t.d. Lammers-rørsla.Meir om dette og kyrkjebøkene deira kan du lese i Liv Mykland sitt hefte: 'Fri religionsutøvelse gjennom 150 år. Om kilder til dissenternes lokalhistorie', utgjeve av Riksarkivaren som skriftserie 2, 1997.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Dette var interessant lesing! Hjarteleg takk til Bjørn og Yngve!Eg ser i 1865-teljingi ein merknad attåt namnet til Augund ''Agund'' Pedersen i Tranøy som seier at han (men ikkje kona hans) høyrde til den apostoliske frimenighet, so då er spørsmålet om protokollane deira er tilgjengelege ved statsarkivet i Tromsø?Elles har eg funne att andre kona til Agund, Nekoline Svensdotter, i 1875 som skredderske og losjerande på Skøelvdal i Tranøy (Sørreisa) der òg stedotteri Anna Cathrine var fosterbarn. Nekoline er oppskrivi som ''gift'', men Agund er ikkje å sjå! Kanskje han var faren til Amerika?Eg har likeins funne att eitt av borni i 1900: Ane Augunsdotter, ugift budeie på Lavolden, Skøelven i Sørreisa (opphavleg ein del av Tranøy). Men kvar vart det av resten av denne huslyden? Kanskje protokollane for den apostoliske frimenigheten kan hjelpa?Når det gjeld Christen Dahl og huslyden hans, har eg ikkje funne nokon av dei att i 1865, so eg veit ikkje kva trussamfunn dei kan ha høyrt til...Nok ein gong, hjarteleg takk for all god hjelp i denne saki!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne trekka fram att dette temaet frå i fjor. Eg er ikkje spesielt interessert i religionstilhøvi hjå desse folki, men ønskjer å finna dei att i Nord-Noreg (eller andre stader)!Særleg vil eg tru det kan finnast opplysningar i Tranøy om huslyden til Augund ''Agund'' Pederson?Hjarteleg takk for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Aasmoe

Hei.Har sjekket litt i Sørreisa Bygdebok, men jeg har så langt ikke funnet noen henvisning til Augund eller hans familie, med unntak av Peder.På side 23 i bind 3 av bygdeboken er avbildet en side av skoleprotokollen for Bakkejord og Skøelv for 1878, og der finner jeg Peder Augunsen oppført, foresatt er Jakob Sørensen, og oppholdssted er Elvevold (bruk under Bakkejord).Jeg finner også Peder i folketellingen for 1875: LenkeMvh Geir Aasmoe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Geir for nye opplysningar om sonen Peder Augunson.Det faktum at andre kona til A(u)gund Pederson, Nicoline, dukker opp, gift, men åleine, i 1875 og at borni er spreidde i fosterheimar kringom i bygdi, styrker teorien min om at A(u)gund sjølv kan ha ''rømt'' til Amerika, eller kanskje han var komen ''på straff''?Men om ikkje bygdeboki for Sørreisa har fleire opplysningar om denne ætti, so lyt me kanskje ty til kyrkjebøkene? Eller finst det eit lokalt sogelag som kanskje kan hjelpa meg?Nok ein gong hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg står framleis ''bom fast'' når det gjeld lagnaden til denne huslyden i Tranøy/Sørreisa og vonar at det kanskje er kome til nye lesarar som kan hjelpa meg vidare?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Oddrun Thomassen Flovik

Prøv å skjekk Dissenterprotokollene på Statsarkivet i TromsøDette finner du omDen frie Apostoliske, Chistelige menighed i TromsøOpprettet 1856DP 1 MenighetsprotokollProtokollen er ikke autorisert, men er ettersett av amtmannen første gang 28 februar 1859.A. Indmeldte i Menigheden 1856-1891B. Udmeldte af Menigheden 1857-1889C. Fødte 1857-1877D. Begravede og Dødfødte 1857-1890E. I Ægteskab Indtraadte 1856-1879F. Menighedens Lemmer den 31te December 1856-1892Protokollen inneholder klasseinndeling for bibelklasser Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.