Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Bjørn Jonson Dale

[#16255] Caroline Rønneberg, uektefødd i Lyngen 1804

Recommended Posts

Gjest Bjørn Jonson Dale

Den seinare storkjøpmannen i Ålesund, Carl Esaias Rønneberg (1779-1854), ser ut til å ha budd i Lyngen nokre år kring 1804, mest trulig hos søstra Christiane Margrete, først gift med Ulrik Wedig Wasmuth, sidan med Rasmus Hagen, begge proprietærar og gjestgivarar i Skibotn,I Lyngen fikk Rønneberg den uektefødde datra Caroline, som skal ha vore fødd 1804. Ho ekta 1837 kjøpmann Peder Bendixen Bøe i Ålesund. Kjenner noken namnet på mora til Caroline Rønneberg? Hadde Rønneberg fleire avkom i Lyngen?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Eg kan legge til: Einaste barnet til Caroline Rønneberg og Peder Bøe var Karen Marie Bøe, fødd 1837 (seinare gift med bylege Fredrik Hoffmann i Ålesund). Kanskje kan namnet hennar vise til mormora sitt fornamn? Av ft 1801 ser eg at familien Wasmuth på Karnes i Lyngen m.a hadde tenestejenta Maren Carine Bernhoft, 23 år gammal. Kan dette vere eit spor?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Britt D. Hjeltnes

Caroline ble døpt uægte 6.11.1804 i Lyngen. Foreldre : Carl Esaias Rønneberg , Karnes og Maria Johannesdatter . Moderen enke etter Peder Hansen.I ft. 1801 finnes Peder Hansen Ruthberg, kvæn, gift med Maria Johannesdtr. på Karnes i Lyngen. Jeg tror Carolines mor kan være henne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Tusen takk! Eg arbeider med eit stykke om Carl E Rønneberg til Norsk Biografisk Leksikon, og fristen for innlevering er om nokre dagar, så det var flott å få stadfesta opphavet til Caroline, seinare 'madam Bøe' i Ålesund.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.