Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Terje Hatvik

[#16437] Til Lars E. Øyane: Marta Askvik, Os, g. Ola S. Fossen,Jostedal; b. Laksevåg

Recommended Posts

Gjest Terje Hatvik

Har du desse Lars?'Marta Olsdtr. Askvik, f. 1835, g. 1867 med Ola Sjurson Fossen frå Jostedal, b. Laksevåg.' Du finn sikkert meir om denne jostedølen på Laksevåg.Marta Olsdtr. var fødd og oppvaksen i Askvik i Os som dotter av Ola Johannesson Askvik (1800-1880) og kona Marta Monsdtr. indre Drange (1794-1871). Ola Johannesson var fiskar attåt gardsbruket og hadde notbruk. Ola var elles son av Johannes Olson Askvik, f. Økland (1772-1815) og kona Johanne Johannesdtr. Askvik (1770-1815). Eldste bror til Marta Olsdtr., Johannes; overtok farsgarden. (Os soga II s.320)Mvh., Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Som du vil sjå i FT 1875 for Askøy med Laksevåg bur huslyden då på Lille Damsgård og dei bruker etternamnet Sjursen.Ole, f. 1838; er inderst og driv då 'værksarbeid i Verket' og Marthe er 'husmoder'. Dei er då oppførde med éin son, Sivert Olai, f. 1867. Om det var fleire born veit eg ikkje -.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg, Terje, for å komma med nok ein utflyttar frå Luster kommune. Når det gjeld Ole Sjursen, vil eg visa til det som eg har skrive under gnr. 188, Fossen i Jostedalen (Gards- og ættesoge for Luster, band V, 1994):~~~~~~~~~~~~~~~~ 6. Ole Sjurson, f. 12.8.1839, Ole Sjursen flytte i ung alder til bror sin på Laksevåg ved Bergen der han 1.6.1867 gifte seg med Martha Olsdotter frå Askevik i Os. Ho var dotter av gardbrukar Ole Johannesson og kona Martha Monsdotter på Askevik og f. i Os 1.7.1835. Ole og Martha busette seg på Lille Damsgård på Laksevåg der Ole var verksarbeidar. Han d. på Laksevåg 12.2.1886. Martha levde att som enkje, men den endelege lagnaden hennar er ukjend. Dei fekk ein son i lag: a. Sivert Olai Olsen, f. på Laksevåg 29.6.1867, var i 1890 busett i Hamburg i Tyskland, men kom attende til Bergen der han 13.11.1892 gifte seg første gongen med Bergitte Kristine Antonsdotter Knudsen. Ho var f. i Bergen 4.1.1868, men d. i Bergen alt 12.9.1893. Sivert gifte seg so att i Bergen 2.11.1895 med Charlotte Cornelia Johansdotter Larsen, f. i Bodø 30.3.1868. Sivert Olsen var skipsbyggjar og mekanisk verkstadarbeidar, og han og Charlotte budde visstnok i Bergen fram til kring 1906. Kvar dei då flytte, veit me diverre ikkje noko sikkert om. Me kjenner til tre døtrer etter Sivert Olsen, som alle var frå andre ekteskapet.~~~~~~~~~~~~~~~~Her er det to utfordringar til deg, Terje, eller til andre som kan hjelpa:* Kvar vart det av Martha Olsdotter etter mannen døydde i 1886?* Kvar vart det av sonen Sivert Olai Olsen etter 1906?Alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Lars:Kva då med l.nr. 135, Martha Sjursen; d. 06 Mars 1912 i Bergen, sjå døde i Bergen 1912-1972? Kan dét vera henne? Om det er rette dama er ho i sitt 77.de år då. Ho er ikkje å finna mellom gravlagde i Os, så eg trur ikkje ho flytta tilbake dit - kanskje meir truleg då at ho og sonen fann seg til rette i Bergen.Ein heilt annan ting, Lars, kva med folk frå Årdal, eller er dei heilt uinteressante for deg (i profesjonell samanheng vel og merkja)?? I så fall kan eg koma med ein og annan opplysning.Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg takkar deg, Terje, for godt ''tips'', men eg tvilar på om dette er rette dama. Folketeljingi 1.1.1912 for Bergen syner ei einaste Martha Sjursen. Ho bur i Fosswinckelsgata og er oppgjevi fødd 1.4.1832 i Haus.Når det gjeld utflyttarar frå Årdal, må eg medgje at eg ikkje har ''kapasitet'' til å handsame alle desse sogningane som flytte på seg, bortsett ifrå dei årdølene som på eit eller anna vis har tilknytting til Luster eller Hafslo, og dei er det mange av...Elles, når det gjeld Årdal, vil eg rå til at du tek kontakt med Oddvar Natvik i Årdal (e-mail: onat@frisurf.no).Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Då er kanskje denne 'Marto' ein betre/meir høveleg kandidat? I FT 1900 for Aarstad finn me følgjande på Nordre Solheim:3837/Marta/Olsen/k/b/E/Enke/-Fattigunderstøttelse/1835/Os SB/n/s/Alt her høver med det du og eg veit om henne. Dersom dette er 'di' Marta, så kan ein undrast over at ho ikkje har etternamnet Sjursen. Som kjent var ordninga med faste etternamn ikkje 'fastspikra' pr. 1900. Det kan difor tenkjast at ho i staden nytta patronymikonet sitt, Ola. Men eg veit sjølvsagt heller ikkje om vedkomande som stod for teljinga i Aarstad spesifikt spurde etter farsnamn i staden for etternamn.Marta Olsdtr. Sjursen,f. Askvik, hadde elles fleire brorsøner i Bergen, og - i denne samanheng meire interessant - ein i Årstad òg; nemleg arbeidsformann ved trådfabrikken på Solheim, Johan Johannesson Askvik, f. i Laksevåg 1865 (far hans budde der til han flytte heimatt til farsgarden i Askvik i 1870), g. 1889 Karina Nilsdtr. Halhjem, f. 1860 i Os.Du får sjå på det, Lars.Mvh., Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Elles er det å nemna at ei brorsyster + ein farbror av Marta Olsdtr. vart innlagde og døydde på St. Jørgens Hospital i Bergen. Der finn du òg ein del folk frå Hafslo og Luster, men det veit du sikkert, Lars.Mvh.,

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Retting til innlegg (7):Nemninga 'farbror' er feil, det rette skal vera ein bror av Marta, nemleg Johannes Olson Askvik (1832 -1890).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Eg kan ikkje sjå at Ola S. og Marte O. hadde meir enn eitt barn i Laksevåg/Askøy. Berre til orientering.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Eg finn henne (altså Marta Olsdtr. f. Askvik i 1835) heller ikkje som død ved å søkja på Family Search. Men oversynet til Mormonarane er vel heller ikkje fullstendig.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Ein kommentar til siste innlegg:Eg har nytta FamilySearch i ulike samanhanger og har oppdaga at dei har etter måten få data frå tidi etter 1870, og svært få dødsfall er registrerte. Dette siste gjeld òg for tidi før 1870. Eg har inntrykk av at det er fødsler og vigsler som opptek dei mest!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Gode Lars:Kan det vera den rette Marta Olsdtr. (Marthe Olsen)som vi finn avliden den 18 august 1914 på 'gamlehjemmet' i Årstad, gravlagd den 22 august 1914 (databasen døde i Årstad 1886 - 1915).Men ho er oppgjeven å vera fødd i 'Haus' i 1833, det kan sjølvsagt vera feillesing eller feilskrive for 'Ous' og året 1835.Ho er oppgjeven å vera 'forhenv. verksarb. hustru', og verksarbeidaren Sjur Olsen Kleppe er oppførd som forsytar. Vart i so fall Sivert Olsen etterkvart til Sjur Olsen Kleppe? Neppe umogeleg, yrket hans høver elles -.Mvh., Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Eg viser til innlegg (12) ovanfor og vil gjerne påpeika at namnet Sjur som vart til 'Sivert' i byen (dvs. i dette høvet på Laksevåg) i 1867 lett blir til Sjur igjen når vi skriv 1914, vel ni år etter unionsoppløysinga i 1905, og 100 år etter grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll.Dette er altså den tida då norske namn, norske tradisjonar og norskdom vart sett i høgsetet og nærast stod i 'full blom'. Og ei Marthe vert sjølvsagt lett norvagisert til Marta - med andre ord i samsvar med uttalen ...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Dette er vel kanskje ikkje den retta Marto?:LenkeSom du ser så høver ikkje berre namnet, men òg den oppgjevne alderen ved dødsfallet i 1882 (47 år) med det året ho er fødd, dvs. 1835. Marta Olsdtr. Askvik vart spedalsk og innlagt på Pleiestiftelsen i Bergen, ho fekk altså same lagnaden som far hennar og andre i den familien.Men dét som ikkje høver er at ho då døydde _før_ mannen sin. Og då er det vel ikkje rett Marta -. Etter kva eg skjønar så er denne Marto ei kusine av ho som du leitar etter.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Til (14):Nei, dette er ikkje rett Marta Askvik frå Os. Først og framst avdi det berre finst _éi_ Marta Olsdtr. frå Askvik i Os prestegjeld som er fødd ikring 1835 - dvs. ho som vert gift med Ola Sjurson. Og ho overlever mest truleg mannen sin.Den andre årsaka til at dette er feil Marta Ask(e)vig er at kyrkjeboka for Pleiestiftelsen avslørar at ho 1) kjem frå Askevig i Askøens pr.gjeld, og 2) at ho ikkje er 47, men faktisk 49 år gml. då ho døyr (oppgjeven alder er vel då _feil_ i den digitaliserte avskrifta til DA).[url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?show=111&uid=127632&urnread_imagesize=full&hode=nei&ls=1>Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hei på deg, Terje,Dette temaet har lege i ''dvale'' so altfor lenge, so no vil eg gjerne sjå litt meir på det:Sivert Olai Olsen og Charlotte Cornelia fekk, so vidt eg kan sjå, tre born i lag, medan dei budde i Bergen:* Sigfred Marion, fødd (JK) 25.9.1896 Ole Vigs gt. 4* Dagny Bergithe, fødd (JK) 17.5.1898 Ole Vigs gt. 4* Judith Margrethe, fødd (JK) 18.1.1904 Jonas Reinsgt. 9bDersom denne Sivert Olai Olsen er identisk med Sjur Olson Kleppe frå 1914, so høyrest det ut på namnet som at han kan ha butt på Askøy, so eg tenkte eg ville sjå om eg fann t.d. Dagny som KONFIRMANT. Men ikkje er ho i Askøy/Askøy, ikkje i Laksevåg og ikkje i Årstad. Askøy/Strudshavn finn eg ikkje er skanna...?So me er vel ikkje nærare ein ''identifikasjon'' av Martha Olsdotter...Har du Terje sjekka ut dødsmeldingi for Martha Olsdotter, ho som døydde på Årstad i 1914? Om Sjur Olson Kleppe er einaste attlevande, er det svært sannsynleg du har funne den ''rette'' Marta...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Lars, det eldste bornet til Sivert Olai Olsen og kona Charlotte, Sigfed Marion; var ein _gut_ og ikkje ei jente. Guten døyr same dagen som han vert fødd:[url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=9&filnamn=doed1881&gardpostnr=26441&merk=26441#ovre>LenkeJa, namnet Marion er eit uvanleg gutenamn, men det er faktisk ikkje heilt ukjent, eg las ein gong at den velkjende amerikanske filmhelten John Wayne eigentleg var døypt Marion (utan samanlikning elles). Han hadde kanskje ikkje gjort same karriéren med det opphavelege døypenamnet sitt -.Ved FT 1900 for Bergen bur Sivert Olai og familien i i 3.etasje i Welhavensgt. 8:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

... Elles så finn ein også gardsnamnet Kleppe både i Askøy, i _Haus_, i Samnanger, i Strandvik og på Tysnes. Og når den Marta Olsdtr. som eg nemnde i innlegg 12 her, er oppgjeven å vera fødd i Haus, så indikerar vel dette ho _ikkje_ er den dama søkjer.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

... Elles så finn ein også gardsnamnet Kleppe både i Askøy, i _Haus_, i Samnanger, i Strandvik og på Tysnes. Og når den Marta Olsdtr. som eg nemnde i innlegg 12 her, er oppgjeven å vera fødd i Haus, så indikerar vel dette ho høgst sannsynleg _ikkje_ er den dama du søkjer.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.