Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#16775] Internett Spania/Kanariøyane - Noreg - Digitalarkivet/e-post - gode råd og tips?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg planlegg ei helsereise over lengre tid til Spania eller Kanariøyane og søker råd hjå andre som har vore borti tilsvarande problematikk når det gjeld kommunikasjon attende til Noreg. Eg veit det er mogeleg å kobla seg opp via mobiltelefon, men det vert svært so kostbart om ein sit online i fleire timer om dagen...Under ei vitjing i USA for eit par år sidan teikna eg eige internettabonnement hjå dell.com, og det fungerte godt. Men eg har råka borti problem når det gjeld å teikna eige abonnement til dømes under lengre opphald i Sverige. So er altso spørsmålet; med so mange brukarar av Digitalarkivet i inn- og utland, er det nokon som har erfaring med Spania?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyaneloya@online.no

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Etter det eg veit finst det flust med internett-kaféar i Spania òg, men det er nok ei upraktisk løysing for ditt vedkomande.Eg har rett nok ikkje teikna korttidsabonnemnet for internett-tilknyting på Kanariøyane/i Spania (det er nokre år sidan eg var der). Men når ein kan får høvelege brukarløysingar for dette både i Midt-Austen, på søre Balkan, i Aust-Afrika og i ymse Sentral-Asiatiske republikkar; så ville det undra meg stort om ikkje dette er ei smal sak i det moderne Spania. Rimeleg er det sikkert òg. Eg kan ikkje tenkja meg anna.Den/dei som er administratorar på desse internettkaféane hjelper deg sikkert med å etablera eit korttidsabonnement på staden.Mvh., Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Lill Bjerke

Hei. Jeg bodde på Gran Canaria skoleåret 2001/2002. Tegnet et vanlig telefonabonnement og fikk bredbånd. Det gikk fort og greit og pris som i Norge. Ellers er det internettkafeer på annenhvert hjørne. På noen kan det være mye bråk fra unger som spiller på nettet eller mot hverandre. På Gran Canaria bor det så mange utlendinger at servicen er god. Det var ikke bredbånd overalt (vet ikke hvordan det er i dag), men vi var heldige for det kom i Arguineguin like etter av vi flyttet dit. Lykke til. Anne Lill.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg takkar so mykje for fleire interessante innlegg so langt. Det ser jo ut til at dette kan ordnast på lettvint vis. Breiband er jo det beste, men det finst vel ikkje overalt. Det ser elles ut til at Fuerteventura er det mest sannsynlege reisemålet, om eg fér i vegen...Eg tek gjerne imot fleire tips...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.