Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars Løkkebø

[#17017] Jørgen Abelson, Solheim, Gloppen

Recommended Posts

Gjest Lars Løkkebø

Jørgen Abelsson skal være født på gården Solheim i Gloppen i 1748 og ble døpt 16.07.1748. Foreldre skal være Abel Simonsson og Johanna Jørgensdatter. Skulle gjerne ha bekreftet opplysningene om Jørgen hvis det er noen som har kirkebøker for området, eventuelt bygdebøker. Er også interessert i mer opplysninger om foreldre og forfedre.Lars

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Bygdeboka skriv at Abel Simonson døydde 65 år gammal 1768, og Johanne Jørgendtr døydde 60 år gammal 1774. Der står ikkje noko om kvar ho kom frå, korkje gard eller prestegjeld.Abel er son til Simon Abelson, d.59 år gml 1731, og Synnøve Nilsdtr, d.100 år gml 1760. Heller ikkje henne er der meir opplysningar om.Der stoppar det i bygdeboka.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Løkkebø

Hei og takk Aase. Så vidt jeg kan huske er det en prest i Gloppen med navnet Abel. Kan det være noen sammenheng eller er det eventuelt andre muligheter for å følge Simon Abelson videre bakover?Lars

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Så vidt eg kjenner til, er ikkje alle steinar snudde i arbeidet med bygdebokbandet for Hyen. Men kva kjelder som eventuelt står att å bruke, veit eg ikkje noko om.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leif Øren

Abel Simonson f. 1703 d. 1768 var truleg sonen til Simon Andersson Løkkebø f. 1672 d. 1731 og Synneve Nilsdatter Sundal f.1660 d. 1760. Dei blei gifte 2.7.1693, jf. 'Vigde i Kinn'.Simon Andersson var truleg sonen til den eine av Andersane på Løkkebø (Anders Olsson Løkkebø eller Anders Larsson Furebø i Førde - begge f. ca. 1650). Eg held ein knapp på Anders Olsson. Løkkebø 'Lykkjebø' er nabogarden til Solheim i Hyen. Synneve Nilsdatter var truleg datter til Nils Lasseson Sundal i Nordalsfjorden f. ca. 1644 d. 1692 og Ingebor Ingvaldsdatter f. ca. 1640. Ho var frå Helle bnr. 1 i Naustdal.Det var skifte etter etter Simon Anderson til Synneve og deira 10 barn 23.5.1731 (Lars, Abel, Nils, Ole, Nille, Ingebor, Marte, Britte, Kari og Synneve).Abel Simonson var gift med Johanne Jørgensdatter f. 1714 d.1774. Johanne var truleg frå 'Instebøen' bnr. 5 i Naustdal. 26.5.1735 var det eit giftarmål mellom Abel Simonson Solheim og Johanne Jørgensdatter Instebøen, jf. 'Vigde i Sogn og Fjordane'. Ved dette giftarmålet er Abel oppførd som født på Kleiva i Naustdal, men i Naustdal Bygdebok bd. 2 har eg ikkje funne nokon Simon på Kleiva som passar med å være far til Abel, så dette er truleg ei feilføring.28.6.1769 var det skifte etter Abel Simonson Solheim til enkja Johanne Jørgensdatter og deira 6 barn (Simon, Anders, Hans, Jørgen, Søren og Morten).Når det gjeld faren til Johanne så er han omhandla som både Jørgen Jonson, Jørgen Paulson og Jørgen Person f. ca. 1680 d. 1757. Eg har kome fra til at han truleg var sonen til Jon Gunderson Horstad i Naustdal. Mora til Johanne var Anna Hansdatter Solheim i Naustdal f. ca. 1669 d. 1748. Eg må legge til at ei syster til Johanna, som også heitte Johanna, var gift til bnr. 1 i Eimhjellen, Hyen, som også er ein nabogard til Solheim i Hyen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Løkkebø

Hei Leif. Dette var artig. Dette betyr at familien kommer fra Løkkebø, flytter ut og kommer tilbake igjen via giftemål. Må hente fram igjen bygdeboka for Flora, selv om den ikke forteller så veldig mye. Mange takk for informasjonen, nå har jeg mer å gå på.Lars

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest leif Øren

Hei Lars. Eg gløymde å skrive at 'Instebøen' er eit bruk på gnr. 106 Solheim i Naustdal. Det er fleire giftarmål frå denne garden til Løkkebø og Solheim i Hyen opp gjennom åra. Solheim er elles eit vanleg gardsnamn som også finst i Nordalsfjorden og på Brandsøy i Flora kommune (Kinn). Det kan soleis av og til være vanskelig å vite kva for ein Solheimsgard det er snakk om.Eg kan også legge til et Abel Simonson budde på bnr. 4 på Solheim i Hyen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.