Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#17208] Lars Johnson Totland/Eide, f. kring 1775, gift i Bergen 1814 - kven var han?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Lars Johnson Totland gifte seg i Domkyrkja i Bergen 15.7.1810 med Metta Kirstine Ørbech Bremer frå Hafslo (Luster) i Sogn (1784-1847).Lars Johnson var matros og døydde i 9. rode nr. 117 i Bergen 20.11.1826, 50 år gamal.Fleire born vart fødde på same adresse i Søndre Bothullet i Bergen, og ved eit høve er mannen kalla Lars Johan Johannesson Eide!Kan noko hjelpa meg med å identifisera denne Lars Johnson?På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Heidi Tofterå Slettemoen

Han er ikke nevnt i bygdeboka under Øvre eller Nedre Totland i Fana. Men du har vel også Totland her: Bømlo, Lindås, Masfjorden og Samnanger.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

God kveld, Lars!Denne matrosen Lars Jonson i Bergen, truleg fødd kring 1776; kan vera ein son av bonde Johannes Olson Totland, f. ca. 1744. Dette er då Totland i Samnanger, Samnanger sokn i Os (Ous) prestegjeld.Om Lars verkeleg er son til Johannes/Johans veit eg ikkje, men alderen hans høver godt med Johannes sine born elles: Hans, er i 1801 oppgjeve å vera 23 år og Gunnhild er 28.Heidi har allereie utelukka at Lars Jonson kjem frå ein av Totlandgardane i Fana, og ved å søkja på personar med førenamnet Jo* som bur på Totlandgardar i Hordaland i FT 1801, kjem eg til den konklusjonen at ein òg bør utelukka Jon'ane og Johannes'ane i Hosanger, - dei er for unge til å vera Lars Jonson sin far (med mogeleg atterhald om ein Jon Erichsen, som er 43 år i FT for 1801).Eg har ikkje sett i bygdebøkene for Samnanger, men eg skal sjå om hypotesen stemmer imorgon.Dersom Lars Jonson var matros i 1801 òg er han truleg ein av desse karane (FT 1801 for Bergen):2695/Lars/Jonsen/Logeerende/26/Ugift/Matroos paa reyse/M (Dette er hjå Waldemar Martinussen i 5te Rode, 86 Gard).4799/Lars/Johannesen/Mandens Broder søn/24/Ugift/Matroos/M (Dette er hjå Jens Rasmussen i 9de Rode, 57 Gard).Personleg har eg mest tru på den første kandidaten. Skal sjølvsagt sjekka opp kva som står i bygdesoga for Samnanger.Helsing Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Heidi og Terje for interessante innspel.Då er det sikkert at Lars IKKJE var frå Totland i Fana, men når det gjeld Totland i Samnanger er eg verkeleg i stuss. Sjølv om Lars ved eitt høve vart kalla Johannessen, har eg likevel vanskeleg for å tru at han kan vera son av ein Johannes, men ein veit jo aldri...Elles er det nok matrosen frå 1801, 26 år gamal, som er ''vår'' mann. Terje, har du tilgang til kyrkjebøkene for Os (med Samnanger) for 1770-åri? Fins der ein Lars Joh(an)n(es)son fødd kring 1775?Nok ein gong hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Det er vel då sonen Georg Friedrich vert døypt 27. april 1817 at Lars er skriven som 'Lars Johannessen Ejde', elles figurerer han som 'Lars Johnsen Totland'. (Eide kan sjølvsagt vera ei feilføring - eller ein mellombels tilhaldsstad).Kan matrosen Lars J. ha hatt born før han vart gift med Metta Christine Ørbech Bremer? For under døypte i Bergen 1668 - 1815 finn eg mellom anna dette barnet fødd utanfor ekteskap:20198/Nov 08/Nov 16/1800/Johannis/Lars Johanesen/Matros til Middelhav/Anna Maria/Olsdtr./u/ -/KKDette høver med yrket hans - og at han er oppført som 'Matroos paa reyse' i FT i 1801. Og i så fall kan vel patronymikonet til denne Lars like gjerne Johannes som John? Eller tek eg feil??Elles er eit anna mogeleg uekte barn (Elen Sirenne, f. 1807) av ein 'bortrejst matros' med namnet 'Lars Johanesen' å finna under post 20290 i det same (ovanfor nemnde) oversynet, sjå der.Oppslag i Samnangerboka gav ikkje noko klart svar:Johannes Olson Totland, f. om lag 1745, d. 1805 vart gift i 1769 med Herborg Hansdtr. Lid, f. kring 1734. d. ?. Johannes var bonde på Totland. Kona var frå garden Lid i Samnanger.Dei hadde desse borna ifølgje bygdebøkene: Ola, f. 1771 d. før 1801.Gunnhild, f. 1772, g. og busett på Totland.Hans, f. 1774, g. og busett på Totland. Hans overtok farsgarden. d. kring 1850?Med andre ord, ingen Lars f. om lag 1775/76.Men så er det dét at forfattaren av bygdesoga for Samnanger, Nils Lauvskard; i mange høve har kome i skade for å utelate dei yngste borna i søskenflokkane, mao. lakuner. Dette tilhøvet er mellom anna påpeika av Kjellaug Robberstad Petit i eit innlegg i ei anna lenke på dette forumet (omhandlande folk som ætta frå Samnanger).Eg skal difor saumfara kyrkjebøkene for Os og Samnanger og sjå om eg finn aktuelle, høveleg kandidatar. Men dét blir ikkje nett no -.Med venleg helsing Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Til innlegg (5):Ovanfor omtala 'uegte' jenteborn, Ellen Sirenne,(som òg kan vera dottar av den Lars'n som Lars E. Øyane jaktar på); var fødd 04. juni 1807, død 07. juni 1807.Mora hennar er oppgjeven å vera ei 'Karen Canellisdtr'. Og Canelli er vel eit såpass spesielt patronymikon at det skulle vera råd å finna ut meir om vedkomande, dersom ønskjeleg?Mvh.,

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Til innlegg (6):....setninga 'død 07. juni' skal naturlegvis vera 'døypt 07. juni'. Her går det unna !

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Jeg har sjekket bygdeboka fra Bømlo. Under Totland (Moster) finner jeg heller ingen som kan passe. På Grindheim like ved Totland finner jeg en Lars f. 1777 av foreldre Johannes Larsson Grindheim og Marta Gunnarsdtr Norenes. Det står ikke i bygdeboka hvor det ble av denne Lars.Det var en Johannes Larsson på Totland rundt om 1733, men det 'vart ikkje meir å finne om han'.Jeg sjekket og Jon og John.mvh Kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Det er og Totland i Hosanger i FT 1801 finner jeg en John Erichsen på Totland som er 43 år - litt i yngste laget til å være far til din Lars? [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f11253&variabel=0&postnr=744&fulle=true&spraak=n>LenkeEllers må det ha vært en annen John på Totland i Hosanger og som er død i FT 1801: LenkeMen om disse hadde en sønn Lars er jo en annen historie.Jeg fant og Totland gård i Davik i S & Fog i Trøndelag er det også Totland :

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Totland i Hosanger er svært interessant. Om nokon har sett nærare på den garden i 1801, har dei sett at Aase Andersdotter er gift for andre gongen - og har born av fyrste ekteskap med patronym Johnsen.Den einaste eg finn som høver vigd, er eit par i Lindås; Jon Hansson Reknes og Åse Andersd., v. 1778, om eg ikkje hugsar feil. Dei får ein einaste son i Lindås, Hans. Eg trur det er han vi finn att i militærteljinga for Bergen 1804-05, som Hans Jonsson, men då som fødd i Hosanger!Kan det vere at desse folka flutta frå Reknes i Masfjorden til Totland i Osterfjorden og fekk fleire born der, m.a. ein Lars? Og at Jon døydde der og at Åse vart oppattgift med han ho er i ekteskap med 1801, Lars Amundsen?For det syner seg at Åse Anderdotter Totlandsvig i 1798 vart gift (som enkje) i Hosanger med han.Svaret på desse spørsmåla finn ein nok berre ved å granske kyrkjebøkene over døypte i Hosanger.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk for nye interessante innlegg frå Terje, Kjellaug og Bjørn. Her er fleire interessante teoriar, og kanskje særleg den aller siste som Bjørn kjem med!Lars Johnsen (Totland) hadde i ekteskap med Metta Kirstine Ørbech Bremer berre ei einaste dotter, og ho heitte AASE CHARLOTTE. Når me so veit at mor til Metta heitte Charlotte Amalie, so er det slett ikkje umogeleg at mor hans kan ha heitt Aase.Eit søk på FamilySearch syner at ein Lars Johnson vart døypt i Etne 5.6.1785 av foreldre John Halvorson og Aase Larsdotter, men denne huslyden kan eg ikkje sjå noko meir til, korkje i Etne eller andre stader... Kanskje ''vår'' Lars var mykje yngre enn det me før har trudd?Eg vonar på fleire gode tips og takkar nok ein gong for framifrå hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Hallo Lars.Har du sjekket undersøkelseskom. for Bergen 1803-1805.Som matros burde han være nevnt der , i alle fall dersom det er samme mann som benevnes matros i 1801 og som får barn utenom ekteskap i 1807.Totland eller Eyde kan jo være noe han har tatt fra sin far.Hva om mannen var født i Bergen, men med en far som kom fra Totland.Det er vel samme familien vi finner i Bergen 1815 med adresse 9-117. LenkeI følge den tellingen var Lars 45år, og da skulle han være født rundt 1770. Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg takkar deg, Rune, for eit interessant innlegg. Det er ikkje mykje tvil om at du har funne rette huslyden i 1815, og det er særleg interessant å sjå at Lars vert oppgjeven å vera 45 år, d.v.s. fleire år eldre enn me før har trudd. Men, til det må eg få leggja til at ogso alderen til kona Kirstine er oppgjevi eit par år for høg, so kanskje Lars var fødd kring 1771/1772?Elles har det forundra meg at Lars ikkje finst i Undersøkelseskommisjonen sitt manntal for 1804/1805, og ikkje heller finst han i oversikten over matrosar i Bergen 1754-1800. Kanskje han likevel ikkje budde i Bergen på den tidi?Eg vil ein augneblink få koma attende til Terje sitt innlegg #5 der han nemner Johannes Olson og kona Herborg på Totland i Samnanger. Det kan vera usikkert om Lars var son deira, MEN eg ser at sonen Hans Johannesson gifte seg 6.7.1794 (FamilySearch) med Karen JONSDOTTER, som i 1801 er sagt å vera 38 år gamal. No er Hans same stad sagt å vera berre 23 år gamal, medan han retteleg var fødd i 1774, so kanskje ogso Karen har feil alder...MEN, uansett alder, so er spørsmålet: Kan Karen Jonsdotter ha hatt ein (yngre) bror med namn Lars som dels kan ha butt hjå søsteri si på Totland før han har reist til sjøs og so teke namn derifrå?Eg ventar i spenning og vonar at fleire fakta vil komma på bordet...! Hjarteleg takk for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Samnanger I, s. 711 Hans var gift første gang med Kari Jonsdtr Ulland f. 1763, d. 1837 s. 680 i S I: Kari var datter av Jon Andersson Ulland (Øpstad, Fusa) og andre kona Mari Nilsdtr (Sandvik?), han hadde ikke noen sønn nevnt Lars verken i første eller andre ekteskap.De finnes heller ingen døpte i Os ved navn Lars Jonsson/Johannesson/Johansson som kan passe inn med alderen hans etter hva jeg har sett.Jeg har og sjekket Johannes på Totland og kona Herborg på Vital records, der står de med tre barn, ingen Lars - bare de som Lauvskard har funnet.Jeg ville ha sjekket den familien jeg fant på Totland i Hosanger hvor enka var oppattgift og det er tydlig at hennes første mann het Jon. (se lenke i innlegg 9)mvh Kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til deg, Kjellaug, for nytt innlegg om Lars Johnson.Eg ser av FamilySearch at John Hansson og Aase Andersdotter gifte seg på Myking(!) (Lindås) 3.3.1778. Dette må vera det paret som ogso Bjørn refererer til, men er dei ikkje gifte litt i seinaste laget for å vera foreldre til ''min'' Lars? Eller kanskje dei fekk Lars litt ''for tidleg''? Det ser ut til at FamilySearch ikkje kan ha vore ''overalt'' med registreringane deira...Eg lever vidare i voni og takkar på nytt for all god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Det var visst et villspor! Det finnes ingen Lars Jonsen/Johannesen/Johansen født i Hosanger i tidsrommet 1760-1780 etter Vital Records på FSMen du nevnte at han og ble kalt Eide, er ikke det i Fjelberg? Og der finner jeg en som er født 17/6-1771.Du har vel sjekket Masfjorden?mvh Kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Oppdaget pluteselig at i Lindås ligger Eide og Totland bare ca 2 km fra hverandre og i Lindås ble det født en Lars Jonson i 1769. Kanskje verdt å sjekke?Kommer meg ikke inn på Vital Records,det ser ut for at de har problemer.mvh Kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Tertnes

Hei! I Totlandsvik under Totland i Hosanger finnes en Lars Jonsen født 1782 uten opplysning om hvor han blev av. Foreldre: Jon Hansen Totlandsvik og Åse Andersdtr. (Ættebok for Hosanger Band 1, 2 del.)Jan

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Heisan! Hjarteleg takk, Jan, for ei svært interessant opplysning. Sjølv om alderen ikkje stemmer heilt, so er eg ganske so overtydd om at du har funne rette mannen! Han har namnet Totland og Aase til mor!Men so er det spørsmål om kvar han er døypt og kva dato? Han er ikkje på FamilySearch!Nok ein gong, hjarteleg takk! Dette Brukarforumet er berre heilt fantastisk!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.