Gå til innhold
Arkivverket

[#17716] Kven var Lars Anfindsen i Luster?


Gjest Per Olav Bøyum
 Del

Recommended Posts

Gjest Per Olav Bøyum

Eg er på jakt etter nærare opplysningar om ein Lars Anfindsen (Anphindsen) i Luster. Han dukkar opp både i tingbøkene for Indre Sogn og forliksprotokollen for Luster frå 1807. Av og til står han innført som Lars Anphindsen Mahler. Ved eit høve får me opplyst at han skal vere 'af gaarden Talle'. Men eg har ikkje vore istand til å finne han i Lars Øyane sine grundige bygdebøker. I 1801 får eg opp eit par treff på Lars Anfindsen(Anphindsen) i Sogn og Fjordane, men ingen i Luster. Lars må ha budd i Luster ei tid sidan han er stemna inn for tinget og forlikskommisjonen der. Har også søkt i ein del andre basar utan hell. Vonar nokon har fleire opplysningar. Mvh. Per Olav Bøyum

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Dette må vera den same Lars Anfindson som han eg etterlyste for eit halvt år sidan under tema #14551. Eg visste ikkje at Lars hadde vore i Luster so tidleg som 1807, men etter alderen å dømma (fødd kring 1780), så høver han jo svært so godt.Du nemner han vart kalla Lars Anfindson Mahler; då må han ha vore anten husmålar eller rosemålar og anten han var det eine eller det andre, so farta han sikkert vide ikring! Og han kan godt ha vore frå ein heilt annan kant av landet! Kven veit?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Olav Bøyum

Beklager, eg burde ha søkt i arkivet før eg la inn eit nytt tema. Det eg i hovudsak er interessert i er å kategorisere denne Lars etter sosial stand; husmann, gardbrukar, rangsperson. At han var målar gjer det vel mest naturleg å plassere han i husmannsflokken. Uansett, takk for hjelpa! Mvh. Per Olav Bøyum

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.