Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#17729] Anna Svendsdotter, f. 1784 - omstreifar frå Luster til Stranda på Sunnmøre?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Hesteskjærar og omstreifar Svend Svendson med vintertilhald på Skildeimsslottet under Skildeim i Luster, hadde i andre ekteskap med Ragnhild Pedersdotter mellom anna ei dotter:Anna Svendsdotter, døypt i Årdal 9.9.1784. Ho budde framleis hjå foreldri sine i 1801, men vert sidan borte. Det har vore nemnt at Anna skal ha gift seg med ein Peder Baardson, men eg har so langt ikkje funne opplysningar som kan stadfesta dette. Derimot finn eg hjå FamilySearch at ei Anna Svendsdotter og ein Peder Christianson fekk ei dotter i lag:* Inger Marie Pedersdotter, døypt i Stranda på Sunnmøre 2.4.1811. Denne jenta vart visstnok kring 1832 gift med omstreifar Mons Pederson med vintertilhald på Hæreid i Årdal, døypt i Gulen 14.7.1804, ein son av hesteskjærar og omstreifar Peder Olson eller ''Gryte-Per'' i Solvorn, Hafslo.Eg har so vidt teke opp dette spørsmålet under tema #3828, men då overskrifti for det temaet ikkje er heilt dekkande for problemet, fælte eg det var tryggare å ta saki oppatt some eige tema!Er det nokon som kan supplera med fleire opplysningar om denne Anna Svendsdotter og huslyden hennar? Det hadde vore særs interessant å sjå kva som stod om foreldri i kyrkjeboki for Stranda, kven som var fadrar etc. Elles er alle tilleggsopplysningar som kan finnast om Anna Svendsdotter, hjarteleg velkomne!Inger Marie tykkjest forresten vera einaste barnet Anna og Peder fekk i Stranda, og ikkje heller finn eg nokon vigsel for foreldri. Ingen Peder Christianson eller Anna Svendsdotter budde i Stranda i 1801!!På førehand ein stor takk for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

I samband med dette spørsmålet vil eg gjerne få trekka fram tema #10451 om ''Valborg-Anders'' og kona hans, Anna Malene Nilsdotter.Det er meir enn sannsynleg at denne Anna Malene er dotter av anten Anna Svendsdotter eller søsteri Gunnhild Svendsdotter! Om Anna var mori, so vert Anna Malene og Inger Marie halvsøsken!Eg vonar at einkvan kan ha vore borti desse namni ein eller annan stad og soleis kan hjelpa meg med nærare identifikasjon!Hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Myklebust

Det som står i kyrkjeboka for Stranda er følgande. (Tolkingar som eg er usikker på har eg sett i parantes.)Uægte Børns daab 1811d: 2den April døbt uægte barn af Wedøe Præstegiæld Inger Maria, faderen udcommanderet (??), (??) Peder Christiansen Dahle af Bolsøe Præstegiæld. m: tøs Anne Svendsdatter af Wedøe Præstegiæld. Fadere afskeediget Soldat og kobbeslager Peder Baardsen af Rødøe annex Sogn i Wedøe Præstegiæld og hans hustrue Gunnille Eliasdatter af samme Præstegiæld, Ungcarl Christian Olsen Hetlevig af (As...??) Præstegiæld og pigen Berthe Olsd Latøyen af Strandens Præstegiæld. Nb. de bragte attest her i fra med sig tilbage til Hr (Proust??) Stub, angaaende dette Barns daab.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Tor, for kjempeflott innlegg!Eg er overtydd om at me har funne rette person. Gunnhild Eliasdotter er søskenbarn av Anna Svendsdotter! Gunnhild vart døypt i Sogndal 1.5.1752 som dotter av omstreifar Elias Svendson og kona Anna Ellefsdotter. Og Arnvid Lillehammer har tidlegare fortalt meg at ein Peder Baardson hadde tilknytting til denne huslyden. So, no tek bitane til å ''detta på plass''!Kanskje nokon veit meir om denne Peder Baardson?No er det òg spørsmål om det kan liggja føre fleire opplysningar i Veøy? Kanskje Anna Svendsdotter fekk fleire born der? Anna Malene Nilsdotter??Nok ein gong, hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Øystein Nybø

Eg er ikkje sikker på om dette er rette Peder Baardsen, men 'min' Peder er fødd på Gåsholmen i Sula på Sunnmøre (Borgund pr. gjeld) i 1763. Foreldra var Anne Karen Isachsd. Falch og Baard Pedersen.Foreldra var ikkje gift. Baard Pedersen var truleg frå Bergen, og i KB står det: 'Han var paa reise fra Christiansund til Bergen da han kom i selskap med henne på gaarden Bjerknes i Volda'Anne Karen Isachsd. var av fantefolk, om Baard Pedersen veit eg ikkje meir.Peder Baardsen fekk i 1798 sonen Peter Cornelius i Borgund med eit sykjenbarn av seg, Julianna Engelhart Ludvigsd.Etter dette veit eg ikkje kvar det vart av Peder.Som sagt eg veit ikkje om vi her har rette karen, men det kan godt være.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Ein sein, men minst like god, takk til Ole Øystein for meldingi om Peder Baardson. Denne meldingi må ha gått meg ''hus forbi'' i fjor!Eg er nesten sikker på at det er same Peder Baardson som (etter 1798) vart gift med Gunnhild Eliasdotter frå Sogn.Men framleis er det eit mysterium kven han var den Peder Christianson Dahle ''af Bolsøe''som var far til Inger Marie Pedersdotter...? Har nokon eit godt forslag?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kai S Gurrik Larsen

Jeg har noen små opplysninger ang. denne slekten. Tror ikke dette blir noe særlig til svar på spørsmålene deres, men alikevel...*Inger Marie Pedersdatter født 1811 Fantefortegnelse 1845 - side 40, nr.504 Fantefortegnelse 1865 - side 65, nr.342gift ca.1832 med*Mons Pedersen født 1804 (se i fantefortegnelsene; sidetall beskrevet over)Barn: 1.*Anne Marie Serine Monsdatter født 10.11.1846 i Årdal døpt i Årdal krkgift 1873 i Årdal krk med*Johan Fredrik Johannessen Palm Rosenberg født 1847 i SverigeSpennende debatt dette, håper noen kan skyte inn litt mere info bare!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×