Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#17734] Petra Berg frå Austerdalen - kanskje f. i Tolga 1861? - utvandra til Hawaii!

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Nils Emil Aars (1857-1921) som i 1880 utvandra til Hawaii (jamfør tema #17665), gifte seg der borte med ei Petra Berg frå Austerdalen.Folketeljingi 1865 syner berre ei einaste Petra med gardsnamn Berg i heile Hedmark fylke, nemleg som del av denne huslyden på Berg nordre i Tolga:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Peder Eriks. Berg Husfader g Gaardbruger og Selveier 1821 Tolgens Prgj.Maren Jonsdatter hans Kone g 1823 Tolgens Prgj.Erik Pedersen deres Søn ug hjælper Faderen med Gaardsbruget 1846 Tolgens Prgj.Jon Pedersen deres Søn ug hjælper Faderen med Gaardsbruget 1848 Tolgens Prgj.Halvor Pedersen deres Søn ug hjælper Faderen med Gaardsbruget 1850 Tolgens Prgj.Ole Pedersen deres Søn ug 1863 Tolgens Prgj.Marit Pedersdatter deres Datter ug 1852 Tolgens Prgj.Gea Pedersdatter deres Datter ug 1858 Tolgens Prgj.Petra Matea Pedersdatter deres Datter ug 1861 Tolgens Prgj.Erik Pedersen hans Fader g Føderaadsmand 1794 Tolgens Prgj.Marit Halvorsdatter hans Kone g 1792 Tolgens Prgj.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~FamilySearch syner at Petra Mathea var fødd i Tolga (Os) 24.1.1861.Folketeljingi for 1900 syner at det då i heile Noreg ikkje fanst nokon Petra fødd i Tolga i eller kring 1861!Er det nokon som har tilgjenge til bygdebøkene for Os og Tolga i Austerdalen som kan sjå etter kva lagnad denne Petra Mathea Pedersdotter Berg fekk?Eg takkar so mykje på førehand for all hjelp med dette spørsmålet!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Kamsvaag Berntsen

Nevnte Petra (Matea) på Berg Storstu, Os født 1861 ble gift 1883 med Anders Olssen. De var på nordre Nyhaugen, Os. Petra døde 1894 og Anders giftet seg en 2. gang. (kilde: Bygdebok for Os 1, s. 68 og 172)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Trond og Geir for nyttige opplysningar. Geir tok livet av teorien min om opphavet til Petra, men på hi sida so gjorde Website'n til Trond underverker! Midt på første sida var e-postadressa til ein kontaktperson Jack Johnson i California, som var presentert som eit oldebarn etter Nils og Petra Aars! Eg skreiv med ein gong, og i dag har eg fått svar! Opplysningar vil snart vera på veg!So, nok ein gong, hjarteleg takk for glimrande hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Erik Noer

Litt på siden av saken, men farfar til Nils Emil, Jonathan Julius Aars er en av mine aner.Hilsen Erik Noer

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.